Gi en gave
Meny

Alværa 2021

Last ned
Først av alt litt godt nytt:   Drifta på Alværa gjekk i balanse, ja faktisk med eit greitt overskot i 2020. Det opplevde me som eit lite under, og det skuldast først og fremst kompensasjonsordninga der Alværa og NMS Drift har kunne søkje støtte for tapte inntekter pga. Covid19.  Like mykje skuldast det støtte frå Alværavener.  Takk til kvar og ein!  
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Litt fornying vart det mot slutten av 2020.  Nytt bordtennisbord er på plass. Spleis-innsamlinga til internett sommaren 2020 gav kr 11 400. Nytt internett  kosta mindre enn kalkulert og resten, dekka det meste av bordtennisbordet. Tusen takk.
Det er kjøpt inn kjøkkenutstyr til styrarbustaden som no snart kan leigast ut. Frysen som sleit med å halde nok minusgrader, er no kald nok.  Nye modem og overspenningsvern er på plass etter at lynet øydela dei andre. Golvet i matsalen er blitt skinnande blankt!
I haust, hadde eg tru på at 2021 ville bli eit godt år for Alværa. Nesten alle helger frå nyttår til påske var bortbestilt.  No er eg usikker på det.  Dei nye smittevernrestriksjonane har ført til at omtrent alt fram til midten av mars er avbestilt. Kompensasjonsordninga for tapte inntekter er vidareført enda ein del månader. Men Alværa er framleis avhengig av støtte frå  Alværavener.

Med lite eller ingen aktivitet dei første 1-2 månadane, vil me prøve å få til nokre dugnader – sjølvsagt innanfor smittevernreglementet. Innandørs vedlikehald er då svært aktuelt. På Facebook-sida til Alværa kan de lese om dugnadane som kjem.
Vi håper at vi kan møtast til Kyrkje- og misjonsdag laurdag 17. april og Alværastemne søndag 30. mai.
Vi har fått eit eige Vipps-nummer for gåver til Alværa  Vipps:  644280  Gave til Alværa.

Hilsen Torill Lange

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp