Åkerfallstemne med opera

Operasongar Eirik Ekeberg Jensen gjorde stemnet i år litt spesielt
Anders Røttingsnes har vore primus motor for arrangementet heilt sidan 1957. Åkerfallet har lange tradisjonar som eit kultursenter. Folkemusikaren Magnhild Almhjell budde her.

Anders Røttingsnes kunne også i år ønske vel møtt til Åkerfallstemnet
Koronasituasjonen prega også dette arrangementet. Folk skulle difor ha med seg mat og drikke sjølve. Dette er ein grei plass å ha friluftsgudsteneste og i år var det i tillegg fint ver. Alteret var ordna til på låvebrua. Når det er regn foregår arrangementet inne på låven. I år var Arne Bøe prest, og Cecilie Rø Drøpping hadde informasjon frå NMS. Det mest spesielle var eit innslag med operasongar Eirik Ekeberg Jensen. Han song to salmar i gudstenesta, og så hadde han ei lita avdeling etterpå.