Meny

Advents- og pensjonisttreff på Kjeldsund

Last ned
Tysdag 10. desember arrangerte Kjeldsund advents- og pensjonisttreff. Vi kunne glede oss over at nær 50 hadde sett av denne dagen til førjulskos.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Elsa Sæter hadde dekka festpynta bord, så julestemninga var det ingenting å sei på. Når lukta av pinnekjøt, svineribbe og julemår med tilhøyrande

ingrediensar inntok salen, låg det an til eit lunt og koseleg treff.

Dagens vertinne var Edith Leinebø, andakta var det Ranveig Kaldhol som hadde. Ho fortalde også litt frå tida som misjonær i Kamerun.

Paul Sandanger tok del med sang og hadde med seg pianisten

Olav Sæter er vår stødige resepsjonist som ser til at alle får betalt og får seg eit lodd. Det er nemlig trekning på «inngangsbilletten» og den heldige vinnar vinn gåvekort som inneheld potetballmiddag for to personar.

Desserten var karamellpudding med tilhøyrande kaffi og krydderkake med oppskrift frå Oldedalen. Folk kosa seg og det er tydeleg at desse treffa blir sett pris på.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp