Advents- og pensjonisttreff på Kjeldsund
Elsa Sæter hadde dekka festpynta bord, så julestemninga var det ingenting å sei på. Når lukta av pinnekjøt, svineribbe og julemår med tilhøyrande
ingrediensar inntok salen, låg det an til eit lunt og koseleg treff.
Dagens vertinne var Edith Leinebø, andakta var det Ranveig Kaldhol som hadde. Ho fortalde også litt frå tida som misjonær i Kamerun.
Paul Sandanger tok del med sang og hadde med seg pianisten
Olav Sæter er vår stødige resepsjonist som ser til at alle får betalt og får seg eit lodd. Det er nemlig trekning på «inngangsbilletten» og den heldige vinnar vinn gåvekort som inneheld potetballmiddag for to personar.
Desserten var karamellpudding med tilhøyrande kaffi og krydderkake med oppskrift frå Oldedalen. Folk kosa seg og det er tydeleg at desse treffa blir sett pris på.