Gi en gave
Meny
Last ned

Knitting og Kulturhus 8. mars i Sykkylven

I Sykkylven er det dei politiske partia som arrangerer 8. mars. Forfattar og tidlegare bloggar Linnea Myhre snakka om kroppspress! Det internasjonale fokuset stod NMS for.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det internasjonale fokuset stod NMS for. Kjempe mot urett, overfor kvinner i Etiopia, var noko av fokuset denne kvelden. Korleis ein gjennom opplysning, opplæring, oppfølging kan kjempe for utdanning, hindre barneekteskap, omskjæring og jobbe for trygge fødslar. Mor barn helse og Knitting for safe Motherhood var innsamlingsprosjektet.  I tillegg til presentasjon av NMS sitt kvinnearbeid i Etiopia, var strikka tepper vist, samt facebooksida for Knitting for safe motherhood. Yrande loddsalg, brosjyrer vart delt,- samt gode strikkeidèar.

Mange gav uttrykk for entusiasme og overraskelse over at det var slik misjon jobbar. Ein kveld der vi ilag med kvinner (og menn) frå alle samanhengar, fekk jobbe for at kvinner, unge og vaksne, skal få eit verdig liv. Eit liv der dei «ikkje skal TRU dei er noko» men VITE at dei er noko. Vi TRUR ikkje at dette arbeidet nyttar. Vi VEIT det! Vi ser resultat av arbeidet NMS driv. Vi kan glede oss over det, og med stort frimod arbeide vidare.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp