88 tusen meir i koronatida
Gåveinntektene ved utgangen av juli i år har auka med 88 000 samanlikna med 2019 for NMS i Møre.
Sist oppdatert 07.09.2020
Det vart ein auke frå 2.673 000 i 2019 til 2.761 000 i 2020. Dette er heilt utruleg når vi kjenner til situasjonen med korona. Alle vår områdestemne og andre arrangement vart avlyst i vår. Kollektene på desse arrangementa pleier å vere ein svært viktig del av våre gaveinntekter.
Dette viser at våre NMS-venner kjenner ansvar og gir på andre måtar. Som regionstyreleiar vil eg få uttrykke ein STOR TAKK.
Men spenninga for resten av året er sjølvsagt også stor. Ingen veit enda kor mange av våre vanlege samlingar som kan bli gjennomført i haust.