10-årsjubileum for NMS Gjenbruk Os
Under gudstenesta i Os kyrkje søndag vart jubiléet omtala. Og ved utgangen etter gudstenesta vart det delt ut brosjyrar om gjenbruksbutikkane og opplysningar om butikken på Os. Diverre måtte den planlagde kyrkjekaffien med innslag frå butikken gå ut grunna smittevernomsyn.
Festkveld
Men vi tok det att om kvelden. Då møttest noverande og tidlegare medarbeidarar i butikken saman med innbedne gjestar i Tunet Kyrkje – og kultursenter. Rundt 55 var samla rundt festpynta bord. Styreleiar Eirik Norheim leia festen og kunne ønskja velkommen både medarbeidarar og innbedne gjestar.
Tonen vart sett ved at forsamlinga song den lokale Gjenbruksvisa, før interimsstyret frå 2011 vart presentert og nylaga film frå butikken hadde premiere. Det vart og gitt eit historisk oversyn over utviklinga i butikken desse 10 åra, og dei om lag 15 medarbeidarane som har vore med i alle åra vart presenterte, så vel som dei andre i salen som hadde vore med frå starten.
Varaordførar Leigland kom med fin helsing frå kommunen og hadde med seg blomehelsing. Blomar fekk jubilanten òg frå nabobutikk i Åsane som gledde oss med to utsendingar til festen. I Os har vi stor glede av Kongshaug Musikkgymnas. To av elevane frå skulen ga oss fine tonar med song og musikk i to bolkar under festen.
Mat må til, og det vart servert flotte smørbrød og spesiallaga jubileumskake, medan praten gjekk livleg rundt borda. Bordsete vart avslutta med nylaga song om butikken før Ina Kjøstvedt , leiar av NMS Gjenbruk, fekk ordet og gledde forsamlinga med ein inspirerande tale. Dottera hennar las så eit fint dikt om gjenbruk.
Før kvelden var omme hadde medarbeidar gjennom alle åra, Lars Hernes ordet, og trekte fram minne frå oppstarten av butikken. Ein annan medarbeidar, Astrid Enstad, takka festkomité og styret for festopplegget. Avslutninga av kvelden sto Helga Sakseid for. Ho var ein av pådrivarane då butikken starta og uttrykte glede over å få koma tilbake til Os og vera med på festen. Ho peika og på både kor viktig arbeidet i butikken er og at vi som medarbeidarar står i ei teneste for både Gud og menneske.
Til slutt siste verset frå Jubileumssongen til butikken som ei oppsummering av kva NMS Gjenbruk er:
Butikken er en MØTEPLASS, for oss og kunder med,
MILJØbevissthet, da er butikken rette sted!
MISJONEN kan nå langt med de penger vi får inn.
Totalt så gir de M-er 3 stor glede i vårt sinn!
Heisan, hoppsan, fallerallera – godt samhold i butikken, ja, det gjør oss alle glad!
Heisan, hoppsan, fallerallera – stort gjenbruk her i Osbygda, det ønsker vi å ha!
Tekst: Lill-Karin Wallem