Utfordring frå ei som overlevde buss-skytinga

Gi en gave
Foto: Bibelselskapet, Egypt Last ned
- Ikkje bry deg om meg. Eg er meir bekymra for deg. Kor hamnar du når du døyr? Det var ei av dei overlevande frå busskytinga i Egypt som kom med denne kraftige utfordringa. Den var retta til guvernøren som kom på kondolansevisitt på sjukehuset.
Tilbake

Det var mange som kom for å besøka dei skadde som låg på sjukehus, men denne guvernøren vart overraska over det denne kvinna møtte han med. Dei som var saman med han unnskulda detog sa at kvinna nok var svært sjokkskada. Men ho nekta for det.

– Eg er heilt klar i hovudet. Eg har mista 11 slektningar her, og eg har ikkje meir å mista. Men eg har fred, for eg veit at dei er i himmelen. Men kva med deg? Har du lese Bibelen?»

Og ho oppfordra han til å lesa og tenka over sin skjebne.

Denne episoden er det generalsekretæren i det egyptiske bibelselskapet, Ramez Atallah, som refererer i nyhetsbrevet sitt. Bibelselskapet har sendt materiell til kyrkjene i distriktet der dette hende, for dei er fleire som følgjer opp alle dei skadde og deira pårørande.

Atallah uttrykker gleda over igjen og igjen kunna konstatera den bibelske reaksjonen av tilgjeving og kjærleik til dei som forfølgjer. Egyptiske medier er fulle av artiklar og intervju som fortel om den radikale trua til enkle kristne.

– Jesu ord blir stadig repetert, på ny og på ny; kringkasta så alle kan høyra.

Les meir og sjå fleire vitnemål frå overlevande.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp