Gi en gave
Meny
Last ned
Gi en gave

Skulle veksle pengar

Ho trong myntar og gjekk inn i næraste butikk for å få veksla ein seddel. Men kva butikk var dette? Ho såg det var ein bokhandel, men var det ikkje…? Kunne det rett og slett vere biblar dei selde her?
Tilbake

Det var biblar. Mange biblar! Biblar i alle storleikar og fargar. Ho var komen inn i bibelbutikken i gamle Kairo.

På leit

– Sel de biblar her? spurte ho, synleg overraska. Butikkmedarbeidaren Waahel Sadek stussa og spurte kva som var så overraskande med det?
– Eg har lenge vore på leit etter ein bibel, men eg visste ikkje kor eg kunne få kjøpt ein, sa dama, og fortsatte:
– Eg skulle berre på treningssenteret som ligg i same bygningen og trong vekslepengar. Eg såg det var ein butikk her, eg går inn for å veksla, og finn så ut at de sel biblar, sa ho, fortsatt overraska.

Bibelkjøp

Det vart ikkje berre veksling den dagen, men ein god prat og eit bibelkjøp. Dei som jobbar på butikken ser ikkje bort frå at ho dukkar opp igjen om ei stund. Det er ikkje uvanleg at kundar kjem att fleire gonger, også om dei ikkje har planar om å kjøpa noko. Dei kjem kanskje berre for ein prat og for å få svar på spørsmål som dukkar opp.

– I går kom to kvinner inn i butikken. Dei bar slør, noko som jo er veldig vanleg her i landet, så eg berre konstaterte det i forbifarten. Det er fortsatt Waahel Sadek som fortel. Han har jobba ti år i bibelbutikken i gamle Kairo og synes det er både utfordrande og spanande.

– Eg har lenge vore på leit etter ein bibel, men eg visste ikkje kor eg kunne få kjøpt ein

Større bibel

Det viste seg at dei to tilslørte kvinnene hadde med seg kvar sin bibel som dei hadde kjøpt på bokmessa i fjor. Nå ville dei gjerne bytta desse i større biblar for å kunna notera og få med seg fleire fotnotar og kommentarar. Det er faktisk vanleg i Egypt å bytte bøker på den måten. Waahel Sadek viste dei kva dei hadde i butikken. Kvinnene ga seg god tid, dei bladde i biblane, dei snakka med kvarandre, og av og til kom dei med eit spørsmål til ekspeditøren. Så vart dei enige om kva bibel dei ville ha, betalte, takka og gjekk, overlukkelege over det dei hadde fått tak i!

Di støtte er viktig

Det er stor interesse for biblar i Egypt, og bibelselskapet trykker opp stadig nye opplag. Men biblar er det berre lov å selgje i ein av dei godkjende butikkane eigd av bibelselskapet.

For at alle skal kunna kjøpe seg eit eksemplar, er det viktig at dei ikkje kostar for mykje. Her støttar NMS bibelselskapet i Egypt økonomisk kvart år, slik at alle som vil skal kunna kjøpe ein bibel.  Saman med NMS kan du vere med og gjere tilgongen på Guds ord lettare for folk i Egypt.

Hva gjør NMS her?

Sammen med flere partnere kjemper vi for at menneskerettighetene skal bli fulgt. Det gjelder både på nasjonalt nivå i lover og vedtekter, men også på detaljnivå i lokalsamfunn der familie, nabolag og landsbyer tar loven i egne hender og trakasserer og forfølger annerledes tenkende. Kvinner er en særlig utsatt gruppe, og flere av våre partnere har arbeid for å styrke kvinners selvbilde og identitet. Ønsker du å finne ressurser til din menighets Midtøsten-avtale? Klikk her!
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp