Gi en gave
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Gi en gave

Skulegang betre seint enn aldri

To unge kvinner frå to små landsbyar i Øvre Egypt har møtt kvarandre på Anafora, det kristne retreat- og konferansesenteret i ørkenen nordvest for Kairo.
Tilbake

Begge kjem frå koptiske familiar og har vakse opp i den kyrkja. Men der slutter likskapen. Demiena har gått på skule og fått utdanning, Mansoura gjekk heime hjå familien og hjelpte i huset, men det var aldri snakk om skulegang. Ho veit ikkje ein gong kor gammal ho er. (Eg tippar mellom 30 og 40.)

Men no har dei møtt kvarandre i eit felles ønske om å tena både Gud og menneske her. Demiena tolker når me snakkar saman, for Mansoura kan berre arabisk.

–  Eg kom hit første gong i 2006, fortel Mansoura.

–  Det var ein kjempeforandring. Ingenting kan samanliknast med dette. Dei løfter meg opp her! Eg vil vera her resten av livet!

Det smilande ansiktet understrekar det ho seier. Klokka 0500 om morgonen begynner dagen hennar med å gjera frukosten klar for Anaforas gjester og tilsette. Då me skulle reisa, var det endå tidlegare, for ho vil alltid at gjestene skal ha det best mulig, Klokka seks er det morgonbøn i kyrkja, og så går dagen med skulegang, arbeid på laboratoriet (produksjon av olje, krydder og såper) og i drivhuset.

Tidebønene er med og gi rytme til dagen, så Mansoura kan med glede slå fast at relasjonen til Jesus blir stadig sterkare og djupare ved å leva på Anafora.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp