Gi en gave
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Gi en gave

SAT-7 KIDS førte far og son saman att

Michael hadde ikkje sett far sin på tre år. Då foreldra skilte lag og flytta frå Egypt til Ungarn, vart også kontakten mellom far og son broten.
Tilbake

Far Adham var fortvila og lurte på korleis han skulle få møta sonen att. I 2014 fann han på at han ville skriva til Mr Know på SAT-7 KIDS og spørra om hjelp, for han visste at det var yndlingsprogrammet til Michael.

– Be om at eg får sjå sonen min att, skreiv han til Mr Know, eller i alle fall snakka med han. Eg aner ikkje korleis det kan skje, men eg veit at Gud kan gjera under.

Mr Know bad for dei i programmet sitt, og teamet i SAT-7 KIDS ba. Og Gud jobba fortare enn dei kunne forestilla seg, for Michael såg på akkurat den episoden og skreiv straks til Mr Know og bad om å bli sett i kontakt med faren sin. Då var Michael blitt sju år.

Etter telefonsamtalen med sonen skreiv faren igjen til SAT-7 KIDS og fortalte kva som hadde skjedd. Han takka både dei og Gud. Michael på si side skreiv også og takka for at kontakten var retta opp: – Eg var så glad då eg fekk telefon frå faren min!

Adham reiste etter kvart til Ungarn og fekk vera saman med Michael i tre dagar, og avtalen er no at sonen skal begynna å koma til Egypt i feriane sine.

– Dette har lært meg å stola på Guds løfter, seier Michael.

SAT-7 KIDS feirar ti år i år og har direkte jubileumssending (link nederst på sida  deira) søndag 10.desember. Og sjølv om ikkje Michaels historie er noko som skjer kvar dag, så veit me at sendingane stadig når barn og familiar i den arabiske verda.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp