Gi en gave
Meny
Last ned
Gi en gave

Når ei stemme endrar ei heil verd

Ei ung, omskjert kvinne føder sitt første barn. Det vert hennar verste mareritt.
Tilbake

Fødselen varer i to heile dagar utan framgang. No kjempar ho for at jenter i Mali skal sleppe å oppleve dette.

Grunna omskjering er fødselskanalen for trong. Kvinna vert evakuert til sjukehus og guten vert fødd ved keisarsnitt. Opplevinga er så skremmande at ho bestemmer seg for aldri meir å få barn.

Samlar kvinnene

Like etter høyrer ho eit radioprogram om helserisikoane ved omskjering. Ho ber om å få eit opptak på kassett, samlar kvinnene i landsbyen og trykker på play. Først vert dei redde og nektar å snakke om det. Etter kvart oppsøker dei henne med spørsmål. Ei rørsle veks fram. Kvinna får til og med overtydd dei eldste i landsbyen om farane ved omskjering.

– Dette er ei stor kulturell endring, men det vil ta lang tid å utrydde den skadelege praksisen.

Store ringverknader

Tre år etter fortel ho historia framfor landsbyen sin. Historia rører. Det modige steget hennar har snudd ein heil landsby. Og det stoppa ikkje der. Fleire nabolandsbyar og mange omskjerarar avsluttar verksemda. Dei har organisert seg i kampen mot den skadelege tradisjonen.

– Dette er ei stor kulturell endring, men det vil ta lang tid å utrydde den skadelege praksisen. Målet er at ingen skal måtte oppleve omskjering igjen, seier kvinna.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp