Meny

Intenst møte med bibelforteljing

Gi en gave
Foto: Bibelbutikken i Kairo Last ned
Ho var både sint og opprørt, kvinna som kom inn i bibelbutikken ein stad i Egypt og spurte: Kvifor har ingen fortalt oss denne historia? Ein stor bibel låg oppslått på Johs 8 i utstillingsvindauget, og ho hadde lese forteljinga om kvinna som vart gripen i ekteskapsbrot.
Tilbake

Kvinna kom inn i butikken  og spurde kva bok dette var. Ho snakka som ein foss, så seljaren kom ikkje til orde før ho hadde fått ut sinnet og frustrasjonen. Ho var så sjokkert over det ho hadde lese. At Jesus møtte denne kvinna med omsorg og varme, var noko heilt nytt. Og at han bad henne gå i fred og ikkje synda meir. Tenk å oppleva noko slikt!

Det var tydeleg at den forbipasserande kvinna var overvelda og kraftig berørt av det ho hadde lese.

– Hadde eg vore henne, ville eg snudd tvert om på livet mitt etter dette møtet, sa ho. Det var totalt uventa at «ein heilag profet» kunne snakka og handla som Jesus gjorde overfor kvinna.

Seljaren kunne etter kvart fortelja kvar historia stod å lesa, og kvinna kjøpte med seg eit nytestamente før ho gjekk.

Denne historia er ei av mange liknande om korleis plakatar og oppslag i utstillingsvindauga til Bibelselskapet sine butikkar berører tilfeldig (?) forbipasserande. Både i vindauga og inne i butikken ligg det oppslåtte biblar, og rett som det er kan kundar stoppa opp og lesa – og bla vidare. Slik er Bibelselskapet med på å gjera Guds ord tilgjengeleg for endå fleire gjennom sine 17 butikkar spreidd rundt i landet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp