Gi en gave
Meny
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Gi en gave

Bussjåfør George fekk ein bibel

Dagen til Lukas består av å reisa med bussen. Han har veska full av biblar og traktatar, og så ber han om at Gud må bruka han i liva til desse folka.
Tilbake

Då Lukas gjekk av med pensjon frå stillinga som direktør i eit busselskap i Kairo, bestemte han seg for å bruka resten av livet sitt til å jobba blant sjåførane i selskapet. Han visste at mange av dei, kanskje rundt 40 %, 100 000, høyrde til i den koptiske kyrkja. Mange av dei var rusavhengige, både på alkohol og narkotika. Men dei stiller på jobb, rusa.

Ein dag sat han i ein buss der sjåføren var tydeleg påverka. Han klarte ikkje parkera bussen, men svinga fram og tilbake, heilt kaotisk. Lukas gjekk fram til sjåføren og viste han identitetskortet sitt som fortalte at han var tidlegare direktør i transportselskapet. Han bad sjåføren om å la alle passasjerane gå ut. Så køyrde dei tilbake til terminalen der Lukas vart sittande å snakka med sjåføren George.

Lukas lytta til han fortelja om stort arbeidspress og mange utfordringar heime. Difor tok han stoff nesten kvar dag.

– Men dette er uakseptabelt, sa Lukas. – Du har eit kristent namn, men du handlar ikkje som ein kristen.

Og Lukas delte håpet i evangeliet med George som utbraut: – Kor har du vore heile denne tida? Dette skulle eg ha høyrt for lenge sidan. Det er det eg treng!

Dei avtalte å møtast att ei veke seinare, men før den tid, fekk Lukas telefon. Det var kona til George som ringde for å takka. – George er totalt forandra. Han kom heim sist veke og knuste flaskene sine og skylte narkotikaen i do. Så tok han heile familien med seg til kyrkje. Han har slutta å slå både ungane og meg, og han les Bibelen du gav han, kvar dag. Tusen takk for at du hjelpte han!

Lukas fyller stadig opp baggen sin med materiell. Han må kjøpa det, for Bibelselskapet har ikkje lov å gi noko gratis. Men – han får kjøpa til sterkt subsidierte prisar, fordi at menneske som du og eg, både i Egypt og andre land, gir pengar til dette arbeidet.

Dette er ikkje ei eingongshending. I Lukas sine fotspor gror det stadig. Ei av dei som jobba med vedlikehald i busselskapet sa til han ein dag, ja, ho ringde faktisk heim til han. – Det er så mange sjåførar og arbeidarar som snakkar om deg, og eg ser at du har hatt enorm innflytelse i liva deira. Eg ser korleis du når ut til dine med-kristne.

Dama er ikkje sjølv kristen, men oppmuntra Lukas til å gjera det same for andre også. Dei og treng hjelp!

Lukas har fått med seg ein annan pensjonert kollega, så det trengs stadig at nokon subsidierer materiellet dei treng.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp