Meny

Bibelkonkurranse engasjerer familien

Gi en gave
Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Eg visste ikkje korleis eg skulle få ungane mine til å lesa Bibelen, men denne konkurransen har fiksa det. No har dotter mi Bibelen med seg over alt.
Tilbake

Det er Markus, ein søndagsskulelærar i Alexandria som glad fortel kva som har skjedd i forlenginga av konkurransen som Bibelselskapet arrangerte i sommar. Han er takksam både på familien og menigheten sine vegne. – Same kor ho går, så er Bibelen med i veska.

Ho er berre 11 år, men Markus og kona har begge lært mykje av henne, for opplegget går så grundig til verks. – Ho gjer oss stadig merksam på detaljar som me aldri har tenkt over når me no som familie går gjennom oppgåvene. Eg er imponert kor metodisk og nøye ho jobbar med dei.

Ein gut som også deltok i konkurransen studerte Bibelen saman med sin kreftsjuke far. Faktisk heilt til det siste. Om morgonen, same dagen som faren døydde, sat guten ved senga på sjukehuset og førebudde seg til konkurransen og las og svarte på spørsmål. Nokre veker seinare var han med på den store bibelquizen.

I år var det Nehemia, Ester og Filipparbrevet dei fekk spørsmål frå. 190 000 barn mellom 9 og 12 år var med i den store konkurransen som ende opp med ein stor festival. Generalsekretær Ramez Atallah i Bibelselskapet i Egypt understreker kor stort det er at tusenvis av barn bruker veker på å studera Bibelen. – Tenk for eit grunnlag for vidare bibellesing!

Han inviterer oss til å vera med i bøn for alle desse barna; at Gud gjennom ordet sitt får velsigna og utrusta dei, og at dei også i framtida vil leva i og læra av Guds ord.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp