Meny

8 tips til deg som vil starte en innsamling

Kva bør ein gjera for å lukkast med ei innsamling?

FOLKEFINANSIERING

  • Også kalt crowdfunding.
  • Ein måte for kven som helst å starte ei innsamling på internett.
  • Skjer via ein eigen nettstad for folkefinansiering.
  • Enkeltpersonar, verksemder eller organisasjonar kan ta initiativ til ei innsamling.
  • Ein brukar sitt eige nettverk for å finne bidragsytarar.
  • Innsamlinga blir delt på internett og via sosiale medier.

Ynskjer du deg bidrag til å stoppe barneekteskap til jul? Eller tek du skjegget viss vener tilsaman gjev 5000 kroner til ei god sak hjå NMS? Kanskje du vil arrangere ein vennemiddag der inngangspengane skal gå til NMS? Berre fantasien set grenser. Så kvifor ikkje starte ei innsamling på NMS si eiga innsamlingsside?

Her får du ein oversikteleg og motiverande måte å samle inn pengar på. Du sjølv legg inn info, bilete og kanskje ei historie på di eiga innsamlingsnettside. Du kan få vener, familie og andre som er interesserte til å gje til innsamlinga di med å dela den på sosiale medier og oppfordre dei til å gje. Men det kan vera lurt å tenkte gjennom korleis ein har størst sjanse til å lukkast.

 

Lappelunsj basar Caroline Ole Severin gjør tro til handling årer innsamling smil tommel opp

 

1. Ver kreativ

Kva med å starte ei innsamling der målet er at alle «gjev» ein kaffe latte? Altså 50 kroner? Eller fortelje omverda at du syklar Oslo-Trondheim viss du berre får inn nok pengar? Bruk innsamlingssida til å førehandsselje bilettar til eit arrangement der inntektene går til NMS eller

kva med få med deg venner til å gje avkall på ein dyr vane i fastetida og set inn pengane på ei innsamlingsside? Bruk kreativiteten!

 

2. Set mål

Set deg eit mål for kor mykje du skal samle inn, og innan kor lang tid. Med mindre du brukar innsamlingssida til å samle inn pengar fast over lengre tid, til dømes kvar 14. dag etter quiz-kveld med inngangspengar, er det ein klar fordel å ha ein avgrensa og relativ kort innsamlingsperiode (max 45 dagar er tilrådd). Slik kan du halde «trøkket» oppe, og gje folk ei kjensle av at dei må kaste seg rundt fortare enn svint!

 

3. Konkretiser:

Finn gjerne ut kor mykje noko «handfast» kostar og saml inn til dette. Til dømes kostar det omlag 1800 kr å gi opplæring for ei låne-og sparegruppe for kvinner i Etiopia. Dette kan verke motiverande. OBS: dette er symbolsk. NMS støttar låne- og sparegrupper i Etiopia, og gåver gjer dette mogeleg. Prisen er så klart reell. Men NMS kan ikkje garantere at pengane frå akkurat di innsamling går til dette, men at det går til tiltak rundt i verda som er med på å gjera folk sine liv betre, det kan me garantere.

 

4. Belønn

På innsamlingssida går det an å legge opp til belønningar til dei som gjev visse summar til innsamlinga di. Kan du tilby dei som gjev over 200 kroner ein «shout-out» (å offentleg vise takksemd til ein spesifikk person) på facebook, eller kanskje du lovar dei som gjev 500 kroner eit heimebaka brød? Dette kan motivere folk til å gje litt meir enn dei eigentleg hadde tenkt, eller kanskje til å gje i det heile!

 

5. Del!

Del innsamlinga di fleire gonger på facebook og eventuelle andre sosiale medier du er på, og snakk om den med venner og kjente.

Skriv gjerne kort om kvifor du har starta ei innsamling og kva målet ditt er når du delar linken. Til dømes: «Mange har spurt meg kva eg ynskjer meg til 50-årsdagen. Svaret mitt kjem her: Eg ynskjer å samle inn 6000 kroner til NMS sitt arbeid for å avskaffe fattigdom i forbindelse med gebursdagen min. Alle bidrag er kjærkomne».

Mange vil kvi seg for å dele og snakke om innsamlinga fleire gonger i fare for å verke masete, men for mange vil det vera spanande å fylgje med på innsamlinga di etter kvart som det kjem inn meir pengar, oppdateringar og liknande. Dessutan er det ikkje sikkert alle venene dine får med seg innsamlinga di den fyrste gong du postar den. Ver frimodig!

 

6. Bilete

Velg eit godt bilete. Innsamlingar med eit godt bilete samlar inn seks gonger meir donasjonar enn innsamlingar utan bilete!

 

7. Oppdater

Skriv gjerne éi eller fleire oppdateringar inne på innsamlingssida di, til dømes når du har nådd halvparten av målet og når du har fullført. Her kan du informere, takke, oppfordre og motivere bidragsytarane dine.

 

8. Takk

Takk kvar og ein av gjevarane dine. Ein del vil vera anonyme, men resten fortener ein takk.

 

Er du klar til å starte di eiga innsamling? Klikk her!

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Lagre

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp