Velkommen til Camp Kjeldsund
Leiren er lagt opp til at ein kan kome saman heile storfamilia. Meld dykk på saman med besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn, jo fleire jo betre! På leiren har vi opplegg i ulike aldersgrupper og saman for alle aldrar.
Gjennom leiren ønskjer vi å sette fokus på det som er større enn oss sjølve, gjennom samlingar tilpassa ulike aldersgrupper, om misjonsglimt frå NMS sitt arbeid og mykje meir. Familiane kan leige rom eller hytte på Kjeldsund, eller ein kan ta med telt, campingvogn, bobil eller båt og leige plass til denne på området. Alt etter kva de som familie foretrekk.
Utanom samlingane koser vi oss saman med fritid eller aktivitetar! Kvart år arangerer vi også Battle of Kjeldsund!
Dette er ein lagkonkurranse der lag konkurerer mot andre om heider, ære og premiar! For ikkje å snakke om den prestisjetunge fotballkampen der du er like ettertrakta enten du stiller som speler, innbyttar eller heiagjeng! Vi arrangerer misjonstivoli som på barneleirar, men her er det større enn vanleg! Her blir det gøye postar, premiebod, kiosk og tombola! Alt dette og meir får du bli med på i sommar!
Sett av helga for å skape minner saman som familie.
Alle er velkommen!
PROGRAM:
FREDAG:
- Klokken 17.00: Registrering og velkomst.
- Klokken 18.00: Åpningsshow.
- Klokken 19.00: Kveldsmat.
- Klokken 20.00: Kveldssamling.
- Fra klokken 21.00 deler vi i grupper:
- Klokken 21.00 – 22.30: Juniorsamling (opp til 7. klasse).
- Klokken 21.00: Ungdomskro (fra 7. klasse og opp).
- Klokken 21.30: Voksenkro.
- Klokken 23.00: Stilletid.
LØRDAG:
- Klokken 08.30 – 09.30: Fleksifrokost, nistepakke.
- Klokken 10.00: Storsamling.
- Klokken 11.30: Lunsj – matpakke – kiosk.
- Klokken 12.00: Aktiviteter.
- Klokken 14.00: Battle of Kjeldsund.
- Klokken 16.00: Grilling og fritid.
- Klokken 17.30: Fotballkamp.
- Klokken 18.45: Leirfest.
- Klokken 21.00: Kveldssamling.
- Fra klokken 22.00 deler vi i grupper:
- Klokken 22.00 – 23.00: Juniorsamling (opp til 7. klasse).
- Klokken 22.00 – 23.00: Ungdomskro (fra 7. klasse og opp).
- Klokken 22.00: Voksenkro.
- Klokken 23.00: Stilletid.
SØNDAG:
- Klokken 08.30 – 09.30: Fleksifrokost.
- Klokken 09.30: Pakking og rydding.
- Klokken 10.30: Misjonstivoli.
- Klokken 13.00: Gudstjeneste.
- Klokken 14.00: Avreise.
* Det kan bli endringar
Hilsen komitéen