Gi en gave
Meny
Last ned

Trettandedagsbasar i Ørsta

Den tradisjonelle Trettandedagsbasaren blir på Ørsta Bedehus 6. januar kl. 11.30-15.30
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er ei stor glede for Det Norske Misjonsselskap(NMS) å få invitere til trettandedagsbasar på sjølve trettandedagen i 2024, nemleg 6. januar kl. 11.30-15.30.

Det er ein del år sidan basaren har vore arrangert på sjølve dagen, men sidan den er på laurdag i 2024, passer dette fint denne gongen.

Og at dette er ein basar med lang tradisjon, kan vi lese i jubileumsskriftet som vart gitt ut i høve 125 årsjubileet for Ørstavik Kvinneforeining .Der kan ein lese at basar omgrepet dukka opp allereie i 1879 !!

Der står det også m.a. at «før hundreårsskiftet var  basaren  eit storhende; kvinnene selde kaffi og mat og han som auksjonerte ropte seg «hæs».

På basarane no, er det heldigvis tilgang på mikrofon og deling på oppgåver fordelast på både damer og menn.

Bordet blir fylt opp av gode kaker, smørbrød og kaffi/te.

Har ein lyst på ein enkel middag, vil det også vere høve til å kjøpe betasuppe eller risengrynsgraut.

Loddbøkene vil vere tilgjengelig på Alti og Kiwi på førehand, slik at fleire får høve til å støtte det viktige arbeidet som NMS gjer, både her i landet og i dei ulike landa som NMS har arbeid i.

Som vanlig blir det åresal og tombola,- og vi er takksame for små og store gevinstar.

Og innimellom vert det også innslag av sang, musikk og andakt.

På føremiddag (kl. 12.00)vil Anna Sæbø og Eirik Stave ta del, dette er to kjende musikarar som er vel verdt å lytte til.

På ettemiddagen (kl. 14.00) vil Rolf Schanke Eikum ha andakt, Jorunn og Matias Austrheim deltek med sang og musikk.

Velkommen til basar og til å støtte NMS sitt arbeid.(sjå annonse 5. januar)

 


Se andre arrangementer

09 aug

Liv, latter, leik og moro på Camp Kjeldsund 2024!

Bland det med fine samlingar der Jesus kjem nær - og vi han - og der vi deler av det vi har fått og fått oppleve. Camp Kjeldsund er leiren for ALLE – ung eller eldre, kom og vær med!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp