Gi en gave
Meny
Last ned
Påmelding

Strikke- og redesignhelg på Kjeldsund

Vil du vere med til ein nydeleg plass? Treng du ei helg saman med «likesinna» ? Ein stad der du kan (nesten) gjere det du vil, når du vil? Ikkje lage mat! Ikkje legge på sengkle! Ikkje vaske opp! Ikkje ha noko ansvar! Berre ta imot og vere deg sjølv!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Freistande? Kom! Meld deg på! Og del gjerne denne opplevinga med ei venninne.

FRÅ BRUKT TIL NYTT

Kan kle du ikkje bruker lenger syast om til noko heilt nytt? Eller har du til dømes ein strikka genser som du heller vil bruke som jakke, eller sy den om til noko heilt anna? Treng du å få hjelp til rette mønster kan du gi oss eit hint i forkant, så prøver vi å skaffe det. Vi vil også vise nyttige saumar på symaskina som vil gi eit godt resultat på omsaumen, både på faste og strikka stoff.

StudioLun i Volda vil dele nye strikkedesign med oss og har med mykje spanande tråd og tilbehør som du kan «knipe på» og eventuelt kjøpe.

Vi skal få høyre om diakonalt hjelpearbeid på fattige Madagaskar. Vi skal få høyre om spanande menneskemøte i Egypt. Sokneprest Solfrid i Herøy kan meir enn å døype og dele ut nattverd! Litt av del vil ho i ord og tonar dele med oss laurdagskvelden.

Pris

Pris for heile helga inkludert måltid og oppreidd seng: kr.2000,- (einerom kr. 2400,-)

Kontakt

For meir info: Kontakt Barbro Landmark på telefon eller SMS 920 90 174

Følg linken for påmelding, gjerne i god tid, velkoma skal du vere!

Helsing komiteen; Laila, Dorthe, Lena, Ruth-Linda og Barbro


Se andre arrangementer

23 jul

«Natur, kultur, misjon og fornyelse»

Velkommen til leir for spreke voksne.
Les mer
08 aug

Velkommen til Camp Kjeldsund

Sommarens høgdepunkt! Denne leiren er et samlingspunkt for både barn, ungdom og vaksne på Kjeldsund. Vi har det veldig kjekt ilag!
Les mer
17 aug

Varhaug-stevne

Velkommen til Varhaug-stevnet 2025!
Les mer
18 aug

NMS-Forum - Fulaniarbeid

Frode B. Sætre deler fra fulani-arbeidet i Vest-Afrika
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp