Regionstyremøte og misjonstreff i Elnesvågen
Det er lenge sidan regionstyret (RS) har hatt fysisk møte. Som oftast treffast vi på datamaskina via Teams.
Lørdag 27. januar møtte RS altså på Elnesvågen bedehus, eit bedehus som NMS også er med på å eige.
29. januar
Når Regionstyret først skulle møtast fysisk, så kom vi på at vi også etterpå kunne invitere inn til misjonstreff/møte der RS sto for innhaldet saman med misjonskonsulent Jostein Solbakken som heldt dagens andakt.
RS medlemmane brukte sine talenter og delte på oppgåvene med å leie, gi misjonsinfo frå ulike land som Mali, Madagaskar og Hongkong samt høgtlesing.
Gunnar Sødal trakterte pianoet til allsongane og Cecilie Drøpping stilte opp med salgsboda si «Bergfruas lapper» med eigneproduserte varer til inntekt for NMS!
Tusen takk til alle som kom og for god prat rundt kaffikoppen etterpå!
Dette har vi lyst til å gjere fleire gongar!