Gi en gave
Meny
Foto: bildet fra pixabay Last ned

Områdestemne for Nordre/Austre Sunnmøre

Hjarteleg velkommen til NMS områdestemne for Nordre/ Austre Sunnmøre søndag 21. april i Indre Sula kyrkje!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Søndagen startar med gudsteneste i Indre Sula kyrkje kl 11:00

Vidare blir det mulighet til å kjøpe seg middag på Sunde fjordhotell (kr 199,- for påmelde) kl. 13.00

Dagen fortsette i Indre Sula kyrkje:

Årsmøte kl 14.30

Kaffi kl. 15.15

Misjonsfest kl. 16.00

Geir Sakseid, rådgivar i NMS for Midtausten, blir med på områdestemnet. Han samordnar NMS sitt arbeid i Midtausten, der NMS er ein viktig støttespelar for bibelarbeid og undervisning i Egypt og for organisasjonen SAT-7, som sender satellittfjernsyn døgnet rundt på 4 kanalar og 3 språk: Arabisk, persisk og tyrkisk.

På gudstenesta talar Asbjørg Oksavik Sve, diakon og  m.a. tidlegare leiar i regionstyret, og det blir song ved barnekoret «Blessing».

På misjonsfesten blir det andakt ved Per Inge Vik og musikk ved Robert Coates. Det blir også gitt misjonsinformasjon frå Estland og Thailand. Lokalt vertskap er kvinneforeininga «Ester», leia av Gunvor R. Aannø.

Deltakaravgift kr. 150,- (+ evt middag for påmeldte kr. 199,- på Sunde Fjordhotell)

Påmelding innan 16. april til Gunvor R. Aannø tlf. 950 47 350 (gjerne SMS) eller e-post: gunvor.aanno@mimer.no

Alle er hjarteleg velkomne!

Trykk her for plakat/info som du gjerne kan dele med andre eller henge opp!


Se andre arrangementer

09 aug

Liv, latter, leik og moro på Camp Kjeldsund 2024!

Bland det med fine samlingar der Jesus kjem nær - og vi han - og der vi deler av det vi har fått og fått oppleve. Camp Kjeldsund er leiren for ALLE – ung eller eldre, kom og vær med!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp