Gi en gave
Meny
Last ned

NMS Gjenbruk i Ålesund feirar 25 år!

NMS Gjenbruk Ålesund feirar 25 år. Det skjer laurdag 28. september i NMS Gjenbruk-butikken i  Breivika med mannekengoppvisning, kaffi og kake.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

– Engasjerte, kreative elevar frå Borgund vidaregåande skule ilag med Ann Kristin Refsnes har hatt eit samarbeidsprosjekt med NMS Gjenbruk Ålesund og jobba med redesign. Dei har gitt nytt liv til brukte plagg, og vi er spente på å sjå kolleksjonen, seier butikkleiar Dorthe Lervik.

– Klokka 12 stengjer vi kassa for å feire. Vi gleder oss til mannekengoppvisning og takkar Borgund vidaregåande skule for hyggeleg  samarbeid, seier Lervik. – Vi håper mange blir med å feire 25-årsjubileet vårt for å for å vise at gjenbruk er viktig. Vi har eit motto: «Kjøp her – hjelp der». Overskotet går til bistandsarbeid. Vi oppfordrar til felles køyring eller kome gåande sidan vi har begrensa med parkeringsplassar.

NMS Gjenbruk er den største gjenbrukskjeda i landet med 52 butikkar, eit lysstøyperi og ca. 2200 frivillige medarbeidarar. Butikken i Ålesund er den tredje største med ei årsomsetning på vel 3,5 mill. og rundt 60 frivillige medarbeidarar. Ca. 70% av omsetninga er overskot som hovudsakleg går til reint vatn, skule/utdanning og arbeid for rettane til kvinner og born.

 


Se andre arrangementer

15 sep

NMS Forum - Laos

Hva skjer i kirken i Laos?
Les mer
16 sep

Laoskveld med storfint besøk

Kirkeleder Khampheng Mitpasa besøker Varden menighet
Les mer
20 sep

Regionstevne på Varhaug

Tema: Sammen i NMS mot 2050 med Helge Gaard, Anne Lise Matre og Kristian Mjølsnes.
Les mer
20 sep

Inspirasjonshelg på Stord

Velkommen til samling i Leirvik bedehus laurdag 20. september og til Nysæter kyrkje sundag 21.september.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp