Misjonsmesse Ørsta
På messa blir det sal av litt lefser og julekaker.
«Kafeteriaen» kan by på dei populære vårrullane, smørbrød, kaker, risengrynsgraut og betasuppe, ja og sjølvsagt kaffi, saft og brus!
Loddbøkene har vore i sving allereie på butikk og kjøpesenter. Vi syns det er viktig å synliggjere prosjektet, og på den måten får fleire bidra👍😊
Åresal og tombola høyrer også med, og vi minner om at gevinstar kan leverast på kyrkjekontoret i Vikegt. i Ørsta innan 10. november.
På messa har vi også gode innslag som t.d.:
Kl. 12.00: Musikk av Rune Sjurgard ,misjonsprosjekt info v/ Paul- Kristian Hovden
Kl. 14.00: Sang av nystarta barnekor, andakt v/ Paul- Kristian Hovden
Små og store, velkommen til å støtte Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt blant barn og unge i fattigområde i Thailand.