Misjonsmesse i Bergen
I Betlehem, Vestre Murallmenningen 15 laurdag 2. november kl. 11-15
Det vert misjonsmesse på tradisjonelt vis med åresal, lynlotteri, lykkehjul for borna og trekking av hovudlotteri. Sal av strikkevarer og anna handarbeid, syltetøy og mykje godt frå Hardanger, julekaker og anna smakfullt. Kafeteria med kaker og påsmurt.
Kl. 12.30: Song ved Formiddagskoret Fana, andakt ved Jan Kåre Jakobsen og misjonsinformasjon. Deretter opnar salet av den populære suppa.
Velkommen!
2. november