Liv, latter, leik og moro på Camp Kjeldsund 2024!
Årets misjonsland er Thailand og alle som kjem får være med på turen til Klong Toey, Phibun og Chiang Rai. Vi får møte nye lukter og smaker. Vi får verte kjende med smilets land og sjå meir om gleder og utfordringar som pregar kvardagen på andre sida av jordkloda.
Gjennom leiren ønskjer vi å sette fokus på det som er større enn oss sjølve, gjennom samlingar tilpassa ulike aldersgrupper. Du vert mini, giga eller vaksenmaki. Veit du ikkje heilt kva dette er? Kom å sjå : )
Årets tema er MEG ? Kan det være at noko treng MEG til noko? Og i tilfelle kva kan eg dele?
Utanom samlingane koser vi oss saman med fritid eller aktivitetar! Kvart år arrangerer vi «Battle of Kjeldsund»! Dette er ein lagkonkurranse der lag konkurrerer mot andre om heder, ære og premiar! For ikkje å snakke om den prestisjetunge fotballkampen der du er like ettertrakta enten du stiller som spelar, innbyttar eller heiagjeng! Vi arrangerer misjonstivoli som på barneleirar, men her er det større enn vanleg! Her vert det kjekke postar, premiebod, kiosk og tombola! Alt dette og meir får du bli med på i sommar! Sett av helga for å skape minner saman som familie!
Familiane kan leige rom eller hytte på Kjeldsund, eller ein kan ta med telt, campingvogn, bobil eller båt og leige plass til denne på området. Alt etter kva dykk som familie foretrekk!
Sommaren på sunnmøre kan variere, men bading, bål, grill og Battle of Kjeldsund set ramma for ei flott helg. Kom å vær med du også – velkommen til Kjeldsund, 9.-11. august.
Komitéen