Gi en gave
Meny
Last ned

Liv, latter, leik og moro på Camp Kjeldsund 2024!

Bland det med fine samlingar der Jesus kjem nær - og vi han - og der vi deler av det vi har fått og fått oppleve. Camp Kjeldsund er leiren for ALLE – ung eller eldre, kom og vær med!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Årets misjonsland er Thailand og alle som kjem får være med på turen til Klong Toey, Phibun og Chiang Rai. Vi får møte nye lukter og smaker. Vi får verte kjende med smilets land og sjå meir om gleder og utfordringar som pregar kvardagen på andre sida av jordkloda.

Gjennom leiren ønskjer vi å sette fokus på det som er større enn oss sjølve, gjennom samlingar tilpassa ulike aldersgrupper. Du vert mini, giga eller vaksenmaki. Veit du ikkje heilt kva dette er? Kom å sjå : )

Årets tema er MEG ? Kan det være at noko treng MEG til noko? Og i tilfelle kva kan eg dele?

Utanom samlingane koser vi oss saman med fritid eller aktivitetar! Kvart år arrangerer vi «Battle of Kjeldsund»! Dette er ein lagkonkurranse der lag konkurrerer mot andre om heder, ære og premiar! For ikkje å snakke om den prestisjetunge fotballkampen der du er like ettertrakta enten du stiller som spelar, innbyttar eller heiagjeng! Vi arrangerer misjonstivoli som på barneleirar, men her er det større enn vanleg! Her vert det kjekke postar, premiebod, kiosk og tombola! Alt dette og meir får du bli med på i sommar! Sett av helga for å skape minner saman som familie!

Familiane kan leige rom eller hytte på Kjeldsund, eller ein kan ta med telt, campingvogn, bobil eller båt og leige plass til denne på området. Alt etter kva dykk som familie foretrekk!

Sommaren på sunnmøre kan variere, men bading, bål, grill og Battle of Kjeldsund set ramma for ei flott helg. Kom å vær med du også – velkommen til Kjeldsund, 9.-11. august.

Info og påmelding HER

Komitéen


Se andre arrangementer

17 jul

Sommerfestuka 2024

Årets Sommmerfestuke på Sjusjøen fjellkirke skjer 17.-21 juli 2024. Didrik Solli Tangen står for konserten lørdag kveld. Ellers kan du høre artistene Erik Lukashaugen, gospelkoret Moments, Gaute Ormåsen og Christian Ingebrigtsen. Pluss vandringer i Sjusjøen-området, og lørdagsopplegg for de yngste nest siste dagen. Åpent for alle - også for dem som ikke har hytte eller er fastboende på Sjusjøen. Bestill deg overnatting på Camp Sjusjøen 40 40 53 54, eller på Rustad fjellstue 62 33 64 64.
Les mer
24 jul

«Natur, kultur, misjon og fornyelse»

Velkommen til leir for spreke voksne.
Les mer
09 aug

Liv, latter, leik og moro på Camp Kjeldsund 2024!

Bland det med fine samlingar der Jesus kjem nær - og vi han - og der vi deler av det vi har fått og fått oppleve. Camp Kjeldsund er leiren for ALLE – ung eller eldre, kom og vær med!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp