Kyrkje- og misjonsdag på Alværa
I nærare 20 år har vi byrja året med inspirasjonssamling for kyrkjelydane i området. Vi er mange som har erfaring med at det å samlast frå eit større område gir nye idear og eit rikt fellesskap. Kyrkje- og misjonsdagen kan sjåast som ein verkstad der ein deler idear og erfaringar. Du er velkommen til å komme med synspunkt eller berre lytte og ta imot. I år vil Geir Sørebø, Ole Agnar Helland og Trygve Toft-Eriksen frå NMS vere med i opplegget. Vi satsar på aktuelt tema som går inn i den situasjonen vi er i med ein verdsvid pandemi og også korleis nye møteplassar gjennom internett kan bli til hjelp i nærmiljø og i den verdsvide kyrkja. Gjennom dagen vil vi syngje songar frå ulike delar av verda. Temaopplegget blir avslutta med gudsteneste kl. 14.30.
Etter gudstenesta er det kaffi. Då vert det også årsmøte for NMS Ytre Sogn.
Det er påmelding til Alværa, tlf. 48990661 eller 91689459 (Toril Lange). Programmet vil bli lagt ut på face book-sidene til Alværa og NMS Bjørgvin i desember, men meld deg gjerne på allereie no. Vi set eit tak på 40 deltakarar. Hjarteleg velkommen!
Områdeutvalet i NMS Ytre Sogn