Grøn dag på Undheim
Dagane er blitt lengre, lysare og varmare. Frø som er lagde i jorda, spirer. Småplanter veks og utviklar seg, og etter kvart er mange klare til utplanting i bed, plantekassar, krukker og drivhus.
Dei fleste plantene som er til sals i kyrkjeparken, kan du bruka i eige kosthald.
Dei andre til pynt i hagen eller i stova.
Det vert og sal av bakverk, handarbeid, blomsterkasser, krukkebrett m.m.
I tillegg kan du nyta både brenneneslesuppe, foccacia- brød, kaffi og kaker, og sist, men ikkje minst – treffa folk og drøsa.
Barn kan så solsikkefrø.
Song og musikk ved masterstudentar frå Madagaskar ved VID Misjonshøgskulen.
Loddsal med trekning kl 12.30.
Nytt i år: «Lynlotteri» med god vinnarsjanse for både store og små.
VELKOMMEN TIL NMS I TIME SIN GRØNE DAG