Gi en gave
Meny
Last ned

God gammaldags misjonsbasar på Vatne

Laurdag 27. januar var ein stor dag for misjonsforeninga vår, «Spiren». Vi har medlemmer frå Vatne, Tennfjord, Grytastranda og Brattvåg med Astrid Ulvestad Øygard som leiar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Barnekoret VTV i Vatne

Arrangementet i år, var ein god, gammaldags basar som gjekk av stabelen på Vatne bedehus.

Geir Sakseid ga dei frammøtte eit godt innblikk i Sat-7 sitt arbeid i Midtøsten med særleg innblikk frå arbeidet i Libanon. To kor sang for oss: Barnekoret VTV og Kor Herrleg. Så var det tombola, åresal og lynutlodning.

Det heile starta kl 13.30 med sal av Bacalao og litt seinare var det sal av kaker og kaffi.

Mannsforeinga «Barabassane» hjalp til som parkeringsvakter og dei hadde ansvar for tillaging og sal av Bacalao. Klippfisken fekk vi gratis av Grytastranda Fiskeindustri. Dei andre ingrediensane til bacalaoen vart sponsa av Coop Ekstra på Eidet.

NMS Felleskapet bidro med kaker, så det var ein god dugnad.

Til vår store glede kom det så mykje folk at fleire stoler måtte leitast fram.

Tilsaman kom det inn netto kr 36.785 som går til Sat-7 sitt arbeid. Det er vi veldig glad og stolte over å kunne sende til NMS sitt Sat-7-arbeid.

Håper dette kan bli til inspirasjon også for andre!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp