Gi en gave
Meny
Last ned

Thailandmisjonær Anne Storstein Haug til Ørsta

«Som ung ville Anne ut på eventyr og «redde verda.» No er målet å gjere seg overflødig». Avstanden frå Ørsta til Bangkok er lang. Likevel har mange Ørstingar vorte «på hels» med folket i Klong Toey slummen i Bangkok.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dette er mykje takka være misjonær, Anne Storstein Haug, eller den fargerike dama som mange kallar henne. Og ja, kanskje lyt ein være litt fargerik – i alle fall er slumområdet, Klong Toey nettopp det.

Området husar ei stad mellom 300-400.000 menneske. I enkle hus og på enkelt vis. For mange er kvardagen ein kamp for livet.

I eit knallgrønt hus under motorvegen der trafikken dundrar over haudet på store og små finn vi barnehagen og dagheimen, driven av Det Norske Misjonsselskap – og misjonær, Anne, saman med sine kollegaer, norske og thai.

Immanuel kyrkja er ei av dei eldste kyrkjelydane i ELCT (evangelisk lutherske kyrkja i Thailand) ligg i i Klong Toey, eit av dei fattigaste områda i Bangkok.

I snart 25  år har dama frå Haugesund vore tilstades. For born, og vaksne – i livets glade dagar og i dei tunge. Klong Toey er prega av stor fattigdom, mange slit med rus og narkotika og mange ber på draumar som ofte ikkje vert verkelege. Men å gje opp har aldri vore aktuelt.

I eit område av verda der mange av godene som vi tek for ei sjølvfølge er det å sjå «desse minste» og å gjere det ein kan for dei, vorte hennar kvardag.

Det starta i det små. Det tok si tid før dei fyrste borna kom til barnehagen. «Var det så rart», undrar Anne seg i ettertid. Dei kjende jo ikkje oss. Vi var jo utlendingar. «Vi byrja å gå rundt i området», Anne minnast attende. Etter kvart forsvann skepsisen, barnehagen fylde seg opp og det vart ventelister.

Som førskulelærar veit Anne kor viktig dei fyrste åra i eit born sitt liv er. Mange er dei ho har metta, trøysta og teke på fanget gjennom snart 25 år som Thailandmisjonær.

Før det grøne huset kom, var det nesten ingen som hadde høyrt om Jesus. No fekk dei oppleve evangeliet i praksis.

«Eg kjenner meg heldig som har fått følgje draumen i NMS. Ein organisasjon som heile tida jobbar for å gjere seg overflødig. Eg har fått leve ut eventyrlysta og brukt gåvene mine».

Fyrste søndag etter påske kjem Anne Storstein Haug til Ørsta. Ho tek del på gudstjenesta samt på kyrkemiddagen (sjå annonse) der mat frå Thailand vil freiste oss alle.

Vi gler oss stor til å få høyre meir om arbeidet, utfordringar, gleder og sorger.

Velkommen.

 


Se andre arrangementer

25 apr

Årsmøte i Sunnfjord NMS

Årsmøte i Sunnfjord NMS torsdag 25. april kl.17 Kyrkjelydshuset i Naustdal
Les mer
27 apr

Grøn dag på Undheim

Velkommen til Grøn dag i Kyrkjeparken ved Undheim Kyrkje kl. 11-13
Les mer
29 apr

Områdemøte og årsmøte for NMS Vestfold

NMS-foreninger, menigheter med misjonsavtaler med NMS, enkeltmedlemmer og medarbeidere i gjenbruksbutikker inviteres til områdemøte og årsmøte for NMS Vestfold i Skjestua, mandag 29. april klokken 18.
Les mer
05 mai

Smak av misjon med fokus på Brasil og Japan

Velkommen til en festdag på Misjonsmarka fra 11-14
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp