Mannsweekend på Phillipshaugen

Knut Bjune
NMS har lange tradisjonar på Phillipshaugen. Vi er glade for at vi for 7. gong kan samlast til mannsweekend igjen, etter at vi solgte leirstaden til andre drivarar. Jostein Solbakken frå Molde er nylig tilsatt som misjonskonsulent i NMS. Han vil vere med oss på mannsamlinga og ha to bibeltimar om Kolosserbrevet.
Temaet blir «Jesus er alt vi trenger.»
Knut Bjune har vore prest i Spjelkavik. Men han har også vore misjonær i Mali for NMS. Han vil ha ein misjonstime med tittelen; «Misjon i Mali nå. Hvor går veien videre.»

Ole Ragnar Ekren
Ole Ragnar Ekren har m.a. vore journalist i Aura Avis. I den samanheng kom han til å stå sentralt i historia om Tingvollulven. Det var mykje hemmeleg som skjedde i denne jakta. Ole Ragnar er ein av dei få som veit kven som skaut ulven. I ettertid førte dette til rettsaker heilt til høgsterett. Ulven vart utstoppa og stod først i Surnadal, før han kom «heim til» Tingvoll.
Program fredag:
18.30 Kveldsmat.
19.30 «Bibeltime. Jesus er alt vi trenger. » v/ Jostein Solbakken.
Møteleiar Øyvind Beite.
Kveldsprat.
22.30 Kveldsbøn v/ Petter Dahle.
Program laurdag:
08.00 Morgonbøn v/Bjørn Hovde
08.30 Frokost.
09.15 «… Bibeltime del 2.»
v/ Jostein Solbakken. Møteleiar Øyvind Beite.
11.00 Historia om Tingvollulven. Innlegg v/ Ole Ragnar Ekren. Møteleiar: Arne Drøpping
12.30 Lunsj og frisk luft /Trim.
14.30 Misjon i Mali nå. Hvor går veien videre.» v/Knut Bjune. Kollekt til misjonsarbeidet.
Møteleiar: Ole Syltebø.
16.00 Middag, avslutning. Heimreise.
Praktiske opplysningar:
Pris kr. 1650,- for overnatting i dobbeltrom med oppreidd seng. Tillegg for einerom kr. 300,- (Det er ikkje høve til å bruke sovepose)
Påmelding innan måndag 27. febr (helst før) til Arne Drøpping, tlf/ sms 997 15 937 Eller e-post: arne.dropping@gmail.com
Pass på å seie frå om du ønskjer einerom. (Sei eller skriv gjerne også om kor viktig det er å ha einerom, eller om det kan avpassast etter kor mange som kjem)
Det er god avstand mellom sengene på romma.
Arrangør: Det Norske Misjonsselskap
Helsing Arne Drøpping, (vert for samlinga.)