NMS Gjenbruk i Ålesund feirar 25 år!
– Engasjerte, kreative elevar frå Borgund vidaregåande skule ilag med Ann Kristin Refsnes har hatt eit samarbeidsprosjekt med NMS Gjenbruk Ålesund og jobba med redesign. Dei har gitt nytt liv til brukte plagg, og vi er spente på å sjå kolleksjonen, seier butikkleiar Dorthe Lervik.
– Klokka 12 stengjer vi kassa for å feire. Vi gleder oss til mannekengoppvisning og takkar Borgund vidaregåande skule for hyggeleg samarbeid, seier Lervik. – Vi håper mange blir med å feire 25-årsjubileet vårt for å for å vise at gjenbruk er viktig. Vi har eit motto: «Kjøp her – hjelp der». Overskotet går til bistandsarbeid. Vi oppfordrar til felles køyring eller kome gåande sidan vi har begrensa med parkeringsplassar.
NMS Gjenbruk er den største gjenbrukskjeda i landet med 52 butikkar, eit lysstøyperi og ca. 2200 frivillige medarbeidarar. Butikken i Ålesund er den tredje største med ei årsomsetning på vel 3,5 mill. og rundt 60 frivillige medarbeidarar. Ca. 70% av omsetninga er overskot som hovudsakleg går til reint vatn, skule/utdanning og arbeid for rettane til kvinner og born.