TRETTANDEDAGSBASAR PÅ ØRSTA BEDEHUS
Og namnet ‘Trettandedagsbasar» kjem av at denne basaren hadde tradisjon med å vere på sjølve 13. dag jul, som er 6. januar.
Siste åra har vi drista oss til å endre på dato, men halde fast på basartradisjonen.
Inntekta går til det store arbeidet som NMS driv.
Basaren i år blir om lag slik den har vore siste åra, der det blir sal av mat som t.d. betasuppe, smørbrød, kaker, svele m.m.
Åresal, tombola og loddbok høyrer naturlegvis med.
Kl. 13.00: andaktsstund – denne gangen har vi fått den misjonsengasjerte dama Sonja Kaldhol til å ha andakt. – Koret Fasong vil ta del med sang, der er det medlemmer både frå Ørsta og Volda. – Matias Austrheim vil leie samlinga og spele til fellessongane.
Om nokon har lyst å bidra med gevinstar, er vi takksame for det.
Vi håpar mange vil ta turen til basaren på laurdag
Velkommen!
NMS