Gi en gave
Meny
Foto: Illustrasjonsfoto fra Anou kirke i Laos/Marit Neset Last ned

Sunnhordlandsaksjonen for misjon

At NMS opplever at økonomien er utfordrande, er ikkje nytt. I Sunnhordland har dei i 39 år arrangert ein aksjon med mange misjonsmøte i heile området i ein avgrensa tidsperiode, 15. januar til 15. mars. Her har ein samla inn pengar, og lyfta fram ei misjonsmark.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Starten

Det starta i 1985. Vi ville samla inn pengar i dei fyrste vekene på nyåret, i tida då gåveinntektene var små og forkynna Guds ord då det gjerne var mindre med arrangement etter ei travel jule- og nyttårsfeiring. Det skulle vera eit tillegg til det faste misjonsarbeidet med misjonsforeiningar og møteopplegg elles.

Vi ville lyfta fram ei misjonsmark, eitt misjonsprosjekt, slik at vi kunne formidla ny misjonskunnskap kvart år. Ved slik rullering ville vi nå vidare ut med kjennskap til misjonsarbeidet. Møta ville på den måten verta litt annleis og gjerne meir interessante. Vi ville freista å byggja ein tradisjon.

Organisering og opplegg

Vi ynskte å få til møte i dei fleste bedehusa i Sunnhordland, og i nokre kyrkjer. Medlemmene i områdeutvalet fekk ansvar for å finna møtestader i sine delområde. Dei skaffa talar, songinnslag, møteleiar og kunngjeringar. Nokre stader var det misjonsfestar. Vi ville satsa på frivillige til desse oppgåvene for å vera eit tillegg til dei tilsette si teneste. Vi ynskte at ein lokal person skulle opna og leia møtet, lokal eller tilreisande talar, presentasjon av misjonsprosjektet, tilsendt bøn for misjonsprosjektet og det aktuelle landet. Og sjølvsagt gåve til prosjektet. På det meste hadde vi om lag 40 møte med same opplegg.

Historisk tilbakeblikk

Dei siste åra har talet på møtestader minka av ulike grunnar, mellom anna på grunn av nedlegging av bedehus og fråflytting i mindre bygder. I 2023 hadde vi 24 møte. Dei siste åra har vi hatt som mål å samla inn 100 000 kroner. Prosjekt og tema har påvirka gåvesummen år for år. Noko har hatt større appell. Fleire stader set bedehusa opp dag for Sunnhordlandsaksjonen. Vi opplever at folk spør etter kva tid det skal vera, og har forventingar. Det er noko som vert rekna med. Erfaringa er at det er lett å få til desse møta rundt om i bygdene våre. Så langt har vi sendt 3 759 145 kroner frå Sunnhordlandsaksjonen for misjon. Vi er takksame for at dette har fungert så fint heilt frå starten og til no, og vi vil lyfta fram dei mange trufaste frivillige medarbeidarane som har lagt det så bra til rettes i desse 39 åra.

Prosjektet i 2024 er «Misjonsarbeid i Laos».

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp