Inspirasjonssamling Vassenden
Misjonssamling
Laurdag 20. september kl 12. 00 – 17.00
Vassenden Kyrkjesenter
Tema: Silkevegen før og no – når aust møter vest
Fokus på Japan – 75 år sidan NMS sende første misjonærane dit.
Haakon Kessel, leiar i NMS Global / Japanmisjonær
har andakt, fortel og syner bilete
Middag med kaffikopp + kaffi og kake: 300 kr
Velkomst med innleiing og andakt før middag, misjonsoffer og samtaler rundt kaffiborda seinare.
Siste timen får vi oppdatering på aktivitet på Alværa kyrkje – og misjonssenter, og i regionen elles, ikkje minst om førebuinga til generalforsamlinga på Flesland til sommaren ( veke 26, 2026).
Vi deler med kvarandre korleis det går på Gjenbruksbutikkane i Sogndal, Eid og Førde, og om aktivitet framover elles i dei ulike områda.
Vassenden kyrkjesenter er ein god møteplass for heile Sogn og Fjordane – viktig for fellesskapet på tvers av områdegrensene – vel møtt!
Påmelding innan måndag 15. september, til Stein Oltedal, tlf 97008600
Arr.: Områdeutvalet i Sunnfjord NMS, i samarbeid med utvala i Sogn og Nordfjord