Ung tru i eit sekulært land
Midt i dette landskapet spirer noko nytt, noko sterkt. Her er ungdommar som vel å følgja Jesus, sjølv om dei ofte er åleine om det i sine familiar og nærmiljø. Det er desse ungdommane me i NMS får vera med og støtta. Gjennom samarbeidet med Den estisk-lutherske kyrkja (EELK) har NMS fått vera med på å byggja opp eit ungdomsarbeid som gir håp. Eit av dei mest spennande prosjekta er PlussMeedia – eit kristent mediearbeid av og for ungdom. Her samlast unge frå ulike menigheter for å laga bladet Pluss, produsera radioprogram, kortfilmar og innhald til sosiale media. Dei lærer journalistikk, får bibelundervisning – og ikkje minst: Dei får fellesskap med andre kristne ungdommar i eit land der det ofte kan kjennast einsamt å tru.
Eg hugsar første gong eg såg eit Plussmagasin. Det var profesjonelt, friskt og pulserte av liv. Det var tydeleg at her var det ungdommar som brann for både trua og formidlinga. Ein av dei, Karl, frå tettstaden Jüri, seier det slik:
– Gjennom PlussMeedia har eg fått lovprisa Gud og gjera noko eg likar, nemleg å skriva, å intervjua og å ta bilete. Eg har møtt menneske eg aldri hadde trudd eg skulle bli kjent med.
I tillegg til mediearbeidet bidrar NMS med midlar til ungdomsleirar, leiartrening og utvekslingsprogram. I Saku, ein forstad til Tallinn, har kyrkja bygd eit nytt kyrkjebygg som også er ein møteplass for ungdom. Her får dei høyra evangeliet, bli utfordra og utrusta til å tena i kyrkja og samfunnet.
Men dette arbeidet skjer ikkje av seg sjølv. Det treng støtte – økonomisk og i forbøn. Derfor vil eg utfordra deg: Vil du vera med og be for ungdomane i Estland? Vil du gi ei gåve som gjer det muleg å halda fram med dette viktige arbeidet? Det er fint å bli minna på at me er eitt legeme – éi kyrkje – på tvers av landegrenser. Når ein ungdom i Tallinn finn trua, er det også vår glede. Og når me gir, er det ikkje berre pengar me formidlar – det er håp, fellesskap og framtid.