Gi en gave
Meny
Foto: Siv H. Undheim / HEIME: Solveig og hunden føre ein nydeleg blomstrande hage. Last ned

Musikkpioneren

– Eg reiste til Thailand utan å vite kva eg skulle gjere. NMS hadde ingen konkret plan for meg.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Vi sit i stova til Solveig og Dag Johannessen i Stavanger, omkransa av vakre blomar.

– Musikk har alltid vore ein del av livet mitt.

Solveig starta i kor då ho var tre, begynte med piano då ho var seks, og fiolin då ho var ni-ti år gamal.

Musikk og misjon

Heimen var prega av musikk, misjon og NMS.

– Besteforeldra mine, Lilly og Helge Wirak, var misjonærar på Madagaskar. Eg har ikkje vore på Madagaskar, men det kjennest nesten sånn, smiler ho.

– Vi har òg gassisk mat av og til.

I tillegg sat farfaren i landsstyret til NMS fleire periodar og følgde også opp studentane på Misjonshøgskulen i Stavanger.

Då ho var tolv starta ho kor for systera og veninnene hennar. Ho blei nok inspirert av foreldra som dreiv både kor og songgrupper.

Mot slutten av vidaregåande fekk Solveig anledning til å ta nokre orgeltimar. Tanken om å bli organist begynte å ta form. Då kunne ho jobbe med to ting ho likte, kyrkja og musikk.

Så ho hadde berre spelt orgel nokre få månadar då ho søkte på musikkonservatoriet i Stavanger. På opptaksprøva måtte ho spele piano i tillegg, for å vise at ho faktisk kunne spele skikkeleg. Ho kom inn på både piano og orgel.

Etter tre år med kyrkjemusikk, gjekk ferda til Bergen. Sidan ho likte å undervise, tok ho pedagogikk samtidig med orgel og kordireksjon, og er dermed utdanna både kantor og musikkpedagog.
Ho møtte Dag på musikklinja på Lundehaugen vidaregåande skule i Sandnes. Dei blei kjende på ein skuletur til Tyskland, og etter det hang dei stort sett i lag.

– Det blei oss to. Det blei berre slik, smiler Solveig.

Dei deler musikkinteressa. Dag har dirigert fleire kor og syng no i domkoret i Stavanger. Han har spela i korps i mange år og har også spela i heavyrockband.

Avgjerda

I 1992 flytter dei til Hommersåk. Solveig får jobb som kantor i Riska kyrkje, medan Dag begynner på Misjonshøgskulen i Stavanger. Samtidig får dei to barn. Kari i 1993, og Knut i 1994.

Etter kvart kjem avgjerda om å reise til Thailand som misjonærar.

– Dag var fast bestemt på å reise. For meg var det eit oppbrot og ei slags sorg. Eg visste at det ikkje fanst orgel i kyrkjene der. Det siste året før vi reiste tok eg derfor eit nivå til på musikkonservatoriet, fortel Solveig.

– Det var nok eit desperat forsøk på å sjå kor langt eg kunne kome. Det var kanskje ikkje så lurt, for eg hadde nettopp fått eit barn til, Ola. Men eg måtte berre, seier Solveig tankefullt.

Det blir altfor travelt, for i tillegg må ho ta kristendom og misjon på fulltid, siste halvåret før dei reiser. Dessutan skal Dag ha avsluttande eksamen.

– Eg var ganske sliten då vi drog.

Starten på noko nytt

Dei forlet alt som er kjent i Noreg. Familie, venner og ein jobb Solveig trivst i.

– Vi blei med i ei Thailand-gruppe eit par år før vi reiste, det var veldig nyttig. Der lærte vi mykje om landet og kulturen, eg kjente meg godt førebudd. Men eg visste ikkje kva eg skulle jobbe med. Vi begynte på språkskule og å gå i Immanuelkyrkja med det same vi kom dit.

På presteskulen i Bangkok er det undervisning i musikk. I Thailand er det ikkje mange tilsette i kyrkjene, så prestane må kunne alt. Solveig og Dag følgjer undervisninga i thai-musikk. Det er ein god måte å bli kjent med både studentar og lærarar på, samt litt av kulturen.

Musikksommarskule

Presten i Immanuelkyrkja er ein utoverretta type, som blant anna går på besøk til folk i slummen. Han lanserer ideen om musikksommarskule for barn. Etter språkskulen går Solveig i gang. Øvingane går føre seg i kyrkja.


2004: Barna Kari og Ola (bakerst til høyre) spelte i orkesteret. Oppveksten har gitt dei vener over heile verda. Foto: Birgitte Bugaard Ørnes.

– Eg ante eigentleg ikkje kor eg skulle begynne, så vi hadde grupper med kor, thai-musikk, piano og fiolin. Det kom 30-40 ungar frå fem-seks til fjorten år. Mellom fem og ti av desse ønskte å fortsette etter sommaren, så då gjorde vi det, fortel ho.

Dette blir starten på musikkskulen. Samtidig set ho i gang musikkundervisning i Immanuel daghjem, barnehagen i Immanuelkyrkja. På det meste speler alle seksåringane fiolin, pluss nokre yngre barn i tillegg.

– Nokon av dei som starta i barnehagen er dei beste i orkesteret i dag, smiler Solveig.

Ein liten fiolin

Dotter deira hadde spelt fiolin før dei reiste, då ho var tre og eit halvt år.

– Læraren, ei svensk dame, lærte eg utruleg mykje av, om å lære barn å spele fiolin. Det var i stor grad det eg brukte i musikkskulen.

I tillegg hadde dei dermed nokre små fiolinar dei kunne bruke, samt Solveig sin eigen fiolin.

– Elles var det fleire kjente som samla inn pengar til instrument. Vi fekk også ein del brukte. I dag har vi mellom 200 – 300 instrument på musikkskulen.


UNDERVISNING: Solveig elska å undervise. Her med elevar i 2013. Foto NMS.

Samarbeid med andre

Ungane deira startar på ein internasjonal skule i Bangkok. Der er det også orkester. Solveig ler.

– Barna våre hadde eigentleg ikkje noko val.

Kari speler fiolin, Knut cello og Ola bratsj. Dei er også med orkesteret i Immanuelkyrkja.

Solveig tek kontakt med orkesterleiaren på skulen der barna går, og tek med seg nokre elevar frå musikkskulen som får øve med orkesteret på den internasjonale skulen. Slik får dei kontakt med eit større miljø. Det fører også til at dei får delta på orkesterhelg, arrangert ein gong i året. Der blir orkester frå alle dei store internasjonale skulane invitert. Samt orkesteret frå Immanuelkyrkja. Dermed får dei endå fleire kontaktar.

Etter nokre år i arbeid, føler Solveig at dei har stagnert. Ho sender spørsmål til alle kontaktane sine, om nokon kan bidra. Det fører til at ein orkesterdirigent, Jonathan Mann, tek kontakt. Han er veldig interessert i å hjelpe.

Det viser seg at han er ein verdskjent orkesterdirigent. Han hevar orkesteret mange nivå, meiner Solveig.

– Det var etter det vi begynte å spele symfoniar, blant anna Beethovens femte symfoni.

Dei får også spele «Våren» av Edvard Grieg på den norske ambassaden 17. mai og har spelt «Holbergsuiten», eit av Griegs mest kjente stykke for strykarar.

Kvifor strykarar?

– Då eg starta musikkskulen, prøvde eg litt forskjellig. Men etter kvart ville elevane sjølv helst spele fiolin.

Det er fleire og fleire som ønsker å få undervisning av Solveig.

– Eg hadde opp mot 120 elevar på det meste, rundt 60 i veka, fortel ho. Den første som kom innom etter skulen blei den første eleven den dagen, og eg tok imot dei som kom. Det var vanskeleg å sette opp timar, det blei slik at dei ivrigaste fekk mest undervisning.

For å kome gjennom alle, blir det etter kvart slik at dei flinkaste elevane er med og underviser.

Sentrale elevar

Ein av dei som kom lengst av dei første elevane til Solveig, er Ton. Han fekk ein privat sponsor og gjekk vidare på musikkstudium. Då dette studiet nærma seg slutten, spør Solveig om han kan hjelpe til på musikkskulen.

– Det var Ton som offisielt starta orkesteret. Før det hadde vi ikkje fått til så bra orkester. Men Ton var god til å dirigere. Etter at han begynte, blei det faste orkestertider, medan eg haldt fram med undervisning individuelt og i smågrupper.

Solveig underviser også på presteskulen. Der blir ho kjent med Fio. Han er ivrig og kjem langt. Men så blir han utvist og heimsendt. Han har fått kjærast, og det er ikkje lov. No sit han i landsbyen nord i Thailand utan instrument.

– Eg synes det er veldig trist at han berre skal sitte der, så eg skaffar han eit elektrisk piano slik at han i alle fall kan øve. Etter kvart ordnar eg det slik at han kan kome til Immanuel. Eg skaffar sponsorar slik at han får litt å leve av, samtidig som han følger all undervisninga mi. Etter kvart kan han undervise sjølv, blant anna på piano.

– Fio er den einaste eg har fått lære skikkeleg opp på piano. Han fungerer godt som organist på gudstenestene. Han kan også litt fiolin, bandinstrument og thai-instrument.

På denne tida har skulen fått inn sponsormiddel. Dermed startar dei med stipendelevar som dei dekker musikkstudiet for. Fio byrjar på musikkstudiet saman med ein annan elev, Ice.

Kravet for å få stipend er at elevane må hjelpe med undervisning på musikkskulen på laurdagane og spele i orkesteret på konsertane. I tillegg bind dei seg til å jobbe på musikkskulen i to år etter at dei er ferdig på studiet.

Brå overgang

Arbeidet er altoppslukande for Solveig.

– Eg var ganske sliten. Men eg likte det veldig godt. Det blei nok likevel for mykje i periodar, eg tok ikkje så godt vare på meg sjølv opp i det heile, seier Solveig.

I 2015 skjer noko som får konsekvensar for resten av livet.

Dag har vore plaga med hovudverk ei stund. Dei reiser til Noreg på ferie. Plutseleg får han noko som liknar eit epilepsianfall.

Han har opphoping av væske i hjernen, på grunn av ein liten cyste.

– Vi ville ikkje at det skulle hindre oss i reise tilbake. Det er gode sjukehus i Bangkok, så vi reiste som planlagt. Men så blir han dårlegare og må opererast.

Under inngrepet går noko gale.

– Då han vakna var han heilt fjern, fortel Solveig.

– Han kjente oss igjen, men ante ikkje kor han var. Han var heilt forvirra. Han trudde han hadde ein minibank i hovudet.

Dag har mista korttidsminne. Det er veldig alvorleg. Han er eigentleg heilt hjelpelaus.


MUSISERER: Solveig og Ton i aksjon i Avaldsnes kyrkje i 2023. Foto Maria Indrøy Risanger.

Alvorleg, men også godt

Solveig må handtere det så godt ho kan.

– Eg hadde jo ikkje noko val, eg måtte stå i det. Dag har alltid hatt mange prosjekt, og på hobbybasis dreiv han ei bedrift som selde bambusklede. Det blei vanskeleg, for Dag hugsa jo ikkje noko, heller ingen passord og kom ikkje inn på datamaskinen. Plutseleg måtte eg følgje opp bedrifta hans i tillegg til alt anna.

Men det er også godt å vere i Thailand, for der har dei hushjelp som kan sjå litt etter når Solveig er på jobb. Og venner og kontaktar hjelper til.

Nokre månadar etter er dei i Noreg igjen. Dag er på opptrening på Lassa rehabilitering i Stavanger, utan at det hjelper. I tillegg har Solveig fått kreft i skjoldbrukskjertelen.

– Men det var ikkje så alvorleg. Det blei oppdaga tidleg, så eg var heldig.

Dei reiser til Bangkok att. Dag har veldig lyst å kome tilbake i jobb, han forstår nok ikkje kor dårleg han er og kor lite han klarer på eiga hand, meiner Solveig. Mot slutten av sjukemeldingsperioden prøver han å jobbe litt, men det går ikkje. Han må over på arbeidsavklaringspengar og reiser heim i september 2016. Solveig kjem etter i oktober.

Dag går no på opptrening på Lassa, men etter to år gir dei han opp. Han blir ikkje betre, meiner dei.

Dag blir ufør. Solveig skal eigentleg jobbe eit år for NMS i Noreg, men ho får bruke det til pendling mellom Noreg og Thailand. Det fungerer ganske bra, og ho får forlenga ordninga med tre nye år.

– Då jobba eg online heimanfrå, med administrative ting. Og i 2019 blir musikk-skulen eiga stifting, Music for Life.


THAILAND: Her er orkesteret i 2023. Foto Maria Indrøy Risanger.

Song til hjelp

Det viste seg at legane tok feil den gongen. Dei siste åra har Dag blitt mykje betre. No håpar han å kunne jobbe litt igjen. Han har allereie prøvd seg i nokre gudstenester, og det har gått bra.

Liturgien sit i ryggmargen. Det er likevel langt frå å ha ein gudsteneste til å stå i full jobb igjen.

– Vi får sjå korleis det går. Kanskje det har hjelpt at han har sunge så mykje i kor. Både fordi han kjem seg ut blant folk, og fordi han må lære tekst og melodi, trur Solveig.

Ton viktig

Sjølv har dei aldri vore med i styret i stiftinga, men er med som rådgjevarar.

– Ton har vore viktig for oss. Han blei leiar for stiftinga og veldig god til å selje prosjektet. Han slutta i desember 2023, dessverre. Samtidig er det også sunt, andre kan vekse fram i lyset og få meir ansvar, meiner musikkpedagogen.

Kva med musikkskulen?

Før Dag blei sjuk, hadde dei ingen planer om å reise heim.

– Vi hadde jobba mykje i mange år, og eg var sliten. Så kanskje det trass alt var det beste, seier Solveig ærleg.

Det var mange som trudde at musikkskulen ville falle saman då dei reiste. Solveig visste at det ikkje kom til å skje.

– Det var eg heilt trygg på. Eg fekk fortsette å følgje den opp i åra etterpå. Dei som overtok synest det gjekk greitt, sidan eg gradvis trekte meg ut.

I dag deltek ho nesten ikkje på styremøta heller. Men ho følgjer med via Facebook og andre kanalar.

Avslutninga

– Det kjennest ikkje som eg har noko ugjort, sidan det blei så gradvis. Men Dag kjenner veldig på det, han blei riven rett ut av tenesta si. Det er viktig for han å få lov å reise tilbake og bidra, blant anna som volontør, slik han no har vore i tre månadar, fortel ho.

Solveig synest det er kjempebra at musikkskulen klarer seg sjølv. Likevel kunne ho ha gjort meir. Dei hadde planer om å starte musikkskule andre stader i landet.

– Men det var godt å kome heim til Noreg også.

Sjølv om arbeidet ikkje var i NMS sine planar, er ho veldig glad for at ho fekk halde på.

– Eg fekk gjere det eg er god på, det er eg takknemleg for. På ein måte var det fint at eg fekk friheita, for då kunne eg skape mitt eige arbeid.

Ho smiler igjen.

– Eg ville ikkje hatt det annleis.

Annleis misjonær

Musikkskulen har fungert som fellesskap og familie for mange. Elevane har hatt nokon som bryr seg om dei og ein plass å kome og få venner.

Ein del av elevane blei også med i andre deler av kyrkjelydsarbeidet, speler i bandet og er med på aktivitetar.

– Eg har ikkje drive med evangelisering, men eg har dratt dei til kyrkja. Opna dører for både elevar og familiane deira. Fleire av dei har blitt døypte i løpet av desse åra, seier kantoren.

Ringverknadar

At det som starta med ein liten fiolin har vakse seg så stort som det er i dag, er jo sjølvsagt veldig kjekt.

– Eg har inntrykk av at arbeidet mitt har hatt stor betydning for elevane. Dei som startar tidleg med musikk, utviklar hjernen på ein god måte. Dei får betre konsentrasjon og blir flinkare på skulen. Nokon blei musikarar, foreløpig er ni ferdig utdanna, og ein studerer akkurat no. Uansett er musikk ein fin ting som går over kulturbarrierar. Ein kan få fellesskap og kome saman gjennom musikken. Ein har eit felles språk, slår Solveig fast.

Det er no to i administrasjonen og seks lærarar på skulen. Dei har mange oppdrag og er mykje ute og speler konsertar. Dette er ein god måte å få inntekter på.

– Det er fint å sjå at det går. Det er sårbart, sidan skulen er avhengig av sponsormiddel. Men veldig kjekt at arbeidet ber frukt og at mine tidlegare elevar har blitt gode lærarar og musikarar.

Drivkrafta

Sjølv om det var Dag som ville reise, synest ho ikkje ho har ofra noko.

– Kva skulle det vere? Livet i Noreg? Vi har jo hatt eit anna liv i staden, seier ho.

– Eg er sånn at eg trivst der eg er. Eg hadde ikkje lyst til å dra. Men då eg først var der, ville eg ikkje reise derifrå.

Ho tek ein pause.

– Eg sakna våren i Noreg, og årstidene. Og familien sjølvsagt. Det er ein del konfirmasjonar og gravferder vi ikkje har vore i, det er litt trist.

Motivasjonen har vore å få undervise.

– Arbeidet var veldig meiningsfylt. Å få drive med noko viktig og nyttig. Og eg har fått mange venner og kontaktar, har lært litt om verda og kva som er viktig i livet. Ein får litt andre perspektiv, påpeikar Solveig.

Kva no?

Solveig vil gjerne takke alle som har støtta arbeidet. Mange har vore på besøk og høyrt orkesteret. Og ho vil be om framleis forbøn for musikkskulen.

– Gud har heile tida sendt oss det vi trengde. Det har kome fleire volontørar som har hjelpt oss vidare akkurat då vi trengde det. Det har vore ein god tryggleik. Arbeidet har blitt velsigna, seier Solveig.

Etter at ho slapp taket i musikkskulen begynte ho som organist igjen. Først i Riska kyrkjelyd, no i Vindafjord. Det er fint å spele orgel igjen.

Akkurat no har ho ingen elevar eller undervisning. Det kjennest rart, men også godt.

Skal ho kople heilt av, går ho tur med hunden, speler Pokémon Go, eller putlar i hagen. Før ho begynte i Vindafjord, spelte ho fotball i Brodd.

– Det var veldig kjekt få spele meir fotball. I dag skal Brodd spele kamp, eg trur eg må bort å sjå, smiler ho.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp