Bildet viser en person som letter på en flosshatt

AUKSJONARIUS: Øyvind Arnestad Nilsen saman med nokre av varene som skal under hammaren på auksjonen.

Misjonstidende

Gjenbruksauksjon i Egersund

– Mykje folk og god stemning, og me fekk veldig gode prisar på mange av objekta. Dette var utruleg kjekt! Akkurat slik det skal vere på NMS Gjenbruk, smiler Øyvind Arnestad Nilsen.

42-åringen begynte som frivillig hos NMS Gjenbruk Egersund for rundt eit halvt år sidan.

– Eg har samla på gamle, fine ting sidan eg var sju, og som 14-åring arrangerte eg min første auksjon, fortel han.

Over snittet bra

Dermed måtte det bli auksjon i butikken i Egersund. Laurdag 18. oktober var dagen, og det er, så vidt dei veit, første gong i historia at det har blitt arrangert auksjon i regi av NMS Gjenbruk.

– Me har valt ut rundt 50 fantastiske objekt som skal auksjonerast ut her i dag. Eg vil seie at varene her er over snittet bra, ivrar han, og held fram:

– Me får ofte inn veldig fine varer i butikken, både retrovarer, samleobjekt og antikvitetar. Nå har me samla fine varer i eit halvt år som skal under hammaren.

Gir tilbake

Butikken i Egersund går godt. Styreleiar Åse Kjosavik Gudmestad seier at dei har hatt ei stigande kurve dei siste åra og at 2025 ser ut til å bli nok eit rekordår. Dei er veldig takknemlege for alle som både gir varer og som handlar hos dei.

– Så nå ville vi gi litt tilbake, seier ho.

– Ja, det er jo kundane og gjevarane som gjer at me kan drive butikken, og når ting går bra, så likar me i Egersund å markere det med fest. Dette skal vere ei oppleving for kundane våre, skyt Øyvind inn.

Bildet viser to personer avbildet i en gjenbruksbutikk
NØGDE: Auksjonarius Øyvind Arnestad Nilsen og styreleiar Åse Gudmestad var veldig nøgde med dagen. Foto: Siv Herikstad Undheim
«Grøn fest»

– Me har valt å kalle det «grøn fest», der fokuset er glede og miljø. Me ønsker at butikken skal vere ein god stad å vere, både for kundar og frivillige. Litt av essensen med NMS Gjenbruk er at det er kjekt å gå i butikkane. Kundane kan finne noko ein likar, og som ein kan kjøpe til ein rimeleg pris. Dermed får kunden ei god oppleving, og me frivillige kan glede oss saman med kunden.

– Det same tenker me om auksjonen. Her er det veldig mange fine varer, med god kvalitet og utan minstepris, så her kan folk gjere eit kjempekupp, ivrar han.

Halleluja!

Og fest blei det. Butikken blei fylt opp med folk i alle aldrar som ville vere med på happeningen. Då auksjonariusen ønska velkommen klokka 12.00 var det mellom 100 og 200 personar i lokalet.

Øyvind delte raust både av kunnskap og historier om varene, i tillegg til morosame kommentarar undervegs.

– Når me rundar tusen utbryt me eit «halleluja!» seier han midt inne i ein budrunde, til humring frå publikum.

Han klarte også å auksjonere bort ein tom berepose til 100 kroner, for som han sa:

– Det er alltid nokon som meiner dei har alt og ikkje treng meir. Men her kan de få ein tom pose som de kan ta med heim og fylle med noko av alt de har. Så kan de levere den til oss på NMS Gjenbruk. Det blir vinn-vinn, det går jo til ei god sak!

Og på ein fest i NMS-regi høyrer det sjølvsagt med kaffi og kaker, for anledninga gratis til alle som ville ha.

Samansveisande

– Eg har alltid gått i NMS Gjenbruk sine butikkar og kikka etter skattar. Nå står eg her som frivillig, og det er altså så gildt! seier barne- og ungdomsarbeidaren, som også har eit eige museum med antikvitetar heime på Helleland.

Han fortel at arbeidet fram til auksjonen har vore veldig samansveisande for dei frivillige. Det å jobbe saman mot dette målet, vere i lag og ha det sosialt og kjekt, har gitt dei mykje glede.

Totalt fekk dei inn nesten 30 000 kroner på auksjonen, eit resultat både butikkleiaren og auksjonariusen var strålande nøgde med.

Bildet viser en forsamling under en auksjon
STOR INTERESSE: Mange tok turen innom butikken i Egersund denne dagen. Auksjonariusen kan skimtast med hatten til høgre i bilete. Foto: Siv Herikstad Undheim

– Dette var kjekt, så mange folk, og slik som dei bydde! Alle varene blei selde. Me var spente på korleis arrangementet skulle bli motteke, med dette var over all forventning, smiler Åse, som var sekretær under auksjonen.

– Ja, dette var ei kjempeoppleving! Eg har kasta både hatt og frakk og har nesten ikkje ord, stråler Øyvind.

Det kan virke som det ikkje blir siste gong med auksjon på dei to.

PS: Dagens dyraste objekt var eit gamalt røykebord, med tre piper og askebeger, som gjekk for 2200 kroner. I tillegg gjekk ein sjeldan te-boks frå Egersund Fayancefabrik for 2000 kroner.

Besøk gjerne NMS Gjenbruk si heimeside her og finn din næraste gjenbruksbutikk.
Del dette innlegget

Skrevet av:

Siv Herikstad Undheim
Rådgiver