Misjonstidende

Englandsfararane

Bildet viser Ingvild og Roar Evjedal i stova si på Os utanfor Bergen

EVJEDAL: Ingvild og Roar Evjedal i stova si på Os utanfor Bergen.

Skrevet av:
Siv Herikstad Undheim
Publisert:
27.1.2026

– Det var mykje større forskjellar enn både vi og NMS trudde.

Frå stova si på Os har Ingvild og Roar Evjedal nydeleg utsikt over Bjørnafjorden. Saman med dei tre barna Helge (11), Christian (15) og Marie (16) trivst dei veldig godt her.

– Eg skulle aldri flytte tilbake til Os, ler Ingvild.

Dei fekk kjøpe barndomsheimen hennar i 2016, men dei flytte til Os tre år før.

Kvardagen her er, til liks med mange andre familiar med barn i den alderen, aktiv og travel. Det er mange aktivitetar og avtalar som skal inn i kalenderen, alt frå kor, handball, speidar, friluftsliv og taekwondo til regionstyre, møter, køyring og henting både her og der.

– Men det er sånn vi likar det. Vi har det bra her, seier dei to tidlegare England-misjonærane.

Dei møttest under studietida, på Misjonshøgskulen i Stavanger.

Studietid

– Etter vidaregåande blei det eit år på Fredtun, nå Stavern, folkehøgskule. Eg hadde lyst til å studere kristendom, men hadde ikkje bestemt meg for studiestad. Venninna mi, Sigrun, var kjærast med Viking-spelar Bjørn Dahl, så eg og Sigrun bestemte oss for at vi ville flytte til Stavanger. I tillegg skulle fleire av dei eg gjekk med på folkehøgskule studere i Stavanger. Men eg har farta litt rundt også, fortel ho.

I Stavanger tok Ingvild kristendom mellomfag, før ho reiste til Oslo for utanlandsstudier, med tilhøyrande Afrika-turar. Deretter reiste ho til Tyskland for å ta tysk grunnfag gjennom NTNU, og så enda ho opp i Stavanger igjen for å ta pedagogikk.

– Eg har alltid likt å vere i lag med ungdommar, så at det blei læraryrket på meg var ikkje heilt unaturleg.

Oppvaksen i NMS

Roar er fødd i Japan i 1980 og hadde sitt første leveår der. Foreldra hans, Ragnhild og Harald Evjedal, var misjonærar der for NMS i to periodar, frå 1969-1974, og frå 1977-1981. Dei busette seg i Bamble i Telemark, og saman med to eldre brør vaks Roar opp med familieleirar kvar sommar på Fjordglimt, ein kort køyretur unna.

Då han var ferdig med vidaregåande var det likevel ikkje opplagt for han at han skulle studere teologi og bli prest. Han hadde lyst til å utforske trua, men ikkje gå på bibelskule. Det han likevel var heilt sikker på, var at han ikkje ville til Oslo.

– Eg reiste rett etter vidaregåande, og sidan pappa er frå Stavanger og eg hadde farmor mi på Våland, blei Stavanger eit enkelt val.

Han begynte på kristendom grunnfag, og likte det veldig godt. Og med ein far som er prest, så var det ikkje heilt unaturleg å prøve seg på teologi.

– Eg kjente at eg treivst veldig godt med det og syntest det var interessant. I tillegg var det eit fint miljø, vi hadde det sosialt og kjekt saman, fortel han.

Ingvild er to år eldre enn han, og medan Roar gjorde seg ferdig med teologistudia, jobba ho som lærar på Jæren i to år. Då Roar var uteksaminert i 2005, reiste paret til Bardufoss i Indre Troms. Der tente Roar verneplikta si, som feltprest.

– Vi treivst utruleg godt i Bardufoss. Feltprestane der er også prestar i ein sivil kyrkjelyd, i Heggelia kapell, så det var god variasjon i arbeidet og mange fine folk. Vi fekk fleire gode venner til trass for at vi berre var der i eitt år, seier Roar.

Etter pliktåret reiser dei vidare til Bergen, der dei bur og jobbar nokre år. Ingvild som lærar ved Os ungdomsskule og Roar som kretssekretær i KFUK-KFUM i Bjørgvin krets.

Bildet viser en gruppe barn og unge som sitter oppstilt
UNGDOMSGJENG: Den siste ettermiddagen med den originale ungdomsgjengen som var med dei alle dei fire åra dei var i England. Med på biletet er òg UCREW-arane Rebeca Wimmerberger og Rebeca Breus Maier frå Missao Zero i Brasil. Foto: Privat
Nybrottsarbeid

Tanken på å reise ut som misjonærar hadde dei lekt med sidan dei treftest. Roar, med sin familiehistorie frå Japan, kjente på ein Asia-trong. Ingvild, med litt Afrika-reiser i bagasjen, kjente seg nok meir dregen i den retninga av verda.

– Både Japan og Kamerun var oppe som alternativ, men det var viktig for oss at det var noko for oss begge. Så reiste bror min og kona, Bård Eirik Hallesby Norheim og Kjersti Gautestad Norheim, til Estland i 2003. Og dermed fekk vi auga opp for misjon i Europa, fortel Ingvild.

– Vi snakka litt med folk i NMS om dette, og det blei klart at dei ønska å satse på England som misjonsland. Vi blei tilsette i 2008, og i løpet av vinterhalvåret reiste vi til England eit par-tre gonger for å helse på folk og sjå arbeidet. Biskop Graham Dow sa at dei ikkje trengte misjonærar i London, for der hadde dei nok ressursar. Men i området Carlisle, nordvest i England, var det behov for folk, og særleg til å jobbe med ungdomsarbeid, noko som passa godt for oss, seier dei.

I september 2009 reiser dei over. Med seg har dei Marie på åtte månadar. Oppgåva er å starte ein ungdomskyrkjelyd i byen Barrow-in-Furness, oftast forkorta Barrow, ein småby i engelsk målestokk, med 60 000 innbyggjarar. Dei er spente på arbeidet som ventar, og gler seg til å kome i gang.

Det viste seg å vere eit pionerarbeid, for arbeidet dei trudde var begynt på og godt i gang, hadde ikkje kome så langt.

– Det var seks ungdommar som hadde ei gruppe, men den la dei ned då vi kom. I tillegg møtte vi ein del skepsis og motstand frå dei lokale medarbeidarane, for dei forstod ikkje kvifor vi kom og kva vi skulle gjere. Vi måtte derfor bruke ein del tid i starten på å bygge relasjonar og opparbeide tillit, seier Roar.

Network Youth Church

Dei sette i gong med ei kartlegging. Kva fanst frå før og kva hadde dei behov for i prostiet? Dei laga eit visjonsdokument og sette ned ei arbeidsgruppe med lokale medarbeidarar for å lage planar for arbeidet.

– Det var sentralt å få til ei lokal forankring.

Prostiet er heile byen, og då Ingvild og Roar var der, var det sju kyrkjer, men på grunn av samanslåing og omorganisering er det no fem. Det var veldig få ungdommar i dei sju kyrkjene, og derfor finn dei ut at dei skal lage cellegrupper på tvers, slik at dei få ungdommane som er aktive kan kome saman.

– Vi laga aktivitetar og møtestader for ungdommar i alderen elleve til seksten år. Då vi starta var det seks stykk. Då vi reiste heim i 2013 hadde vi mellom 140-180 ungdommar innom på aktivitetar. I veka!

Dette var starten på arbeidet «Network Youth Church», der ungdomsgrupper skapar treffpunkt og arenaar for å møtast i kvardagen og snakke om tru og kristendom. Desse er nå er etablert i ni av ti bispedømme i England.

Messy Church i England

To av kyrkjene dei hadde mest kontakt med, den eine var basen deira, hadde starta opp med «Messy Church» året før Ingvild og Roar kom. Dette arrangerte kyrkjene ein gong i månaden ein kvardag etter skule- og arbeidstid. Veldig mange som ikkje gjekk til vanleg gudsteneste kom på Messy Church. Frivillige laga middag frå botn av, ekte britisk tradisjonskost, og i tillegg til gratis middag var det ein andakt, av og til nattverd, og ein eller anna form for hobbyaktivitet, «arts and crafts» som det heiter på engelsk.

– Heile familiar kom, og dette var ofte den einaste gongen i løpet av ein månad at dei sat saman rundt eit bord og åt. Mange i dette området var arbeidsledige og hadde lite å rutte med, og det var eit viktig tiltak for desse. Det blei kyrkje på deira måte, seier Ingvild.

– Vi var alltid med på Messy Church, sjølv om vi ikkje hadde ansvar for det. Men vi prøvde å hjelpe til, og dersom det var ungdommar der, hadde vi eit opplegg for dei. Kyrkjene var veldig stolte av arbeidet dei gjorde med Messy Church. Det var det første dei ville vise oss då vi kom, smiler ho.

Bildet viser Ingvild Evjedal som holder fram en Christingle
TRADISJON: Ingvild har laga ein flott «christingle» i desember 2009. Foto: Privat
Store forskjellar

Dei meiner at kyrkja i England får til veldig mykje med små ressursar.

– Den jamne kyrkje i England har éin tilsett, nemleg presten. Resten blir basert på gjevarteneste og frivilligheit.

Mykje av arbeidet i kyrkja i England både var og er diakonalt, og dei samarbeider med sosialtenesta i landet. Familiar kan til dømes få kupongar til kyrkjelege matbankar og/eller klesbankar. Her kan dei som har minst kome og «betale» for varene dei treng med kupongar som dei har fått frå sosialtenesta. I Barrow er det både ein matbank som blir driven av fleire kyrkjer saman og ein klesbank som blir driven av St. Mark’s Church i sentrum av byen.

Nokre kyrkjer har også samarbeid med «health visitors», helsesjukepleiarar som er offentleg tilsette, som reiser heim til folk som treng det. Kyrkjene samarbeider også med andre offentlege instansar, som blant anna jobbsøkekontor.

Eit anna diakonalt prosjekt som kyrkja driv, er «Who let the dad’s out?», som til liks med Messy Church er eit nasjonalt tiltak. Her blir far og barn invitert til eit måltid, sosiale aktivitetar og ein andakt.

– Det var mange fedrar som brukte ettermiddagar og kveldar på den lokale puben. Med dette prosjektet fekk dei styrka relasjonar til barna sine, dei fekk rettleiing i å vere forelder, og i tillegg fekk mora i heimen litt fritid, fortel Roar.

Det er nemleg lett å tenke at Noreg og England er veldig like land og samfunn, men som Roar seier:

– Det var større forskjellar enn både vi og NMS trudde.

Barrow er bygd på industri, og på 1980-talet var det nedgangstid og mange tilsette mista jobben. Det har vore vanskeleg å bygge opp igjen anna næring, så framleis er det stor arbeidsløyse blant innbyggarane.

– Særleg i sentrum er mange fattige og slit med å få endane til å møtast. Men viss ein går ein kilometer eller to ut av sentrum, er det fleire middelklassefamiliar. Så det er mange som har det bra også, fortel Ingvild.

Messy Church i Os

Ingvild og Roar reiste heim i 2013, saman med dei to barna som då hadde blitt tre og fire år.

– Då vi reiste til Noreg hadde Leah og Kristian Tjemsland kome til England. Det var fint å vite at dei skulle halde fram med ungdomsarbeidet, sjølv om det var i eit anna område, meiner dei.

Familien Evjedal busett seg i Os, og Roar får jobb i soknet, først som kapellan, sidan som sokneprest, medan Ingvild får jobb på ungdomsskulen.

Noko av det dei tok med seg frå England, var arbeidet med Messy Church.

– Vi begynte med fredagstaco her i kyrkja, med taco, leiker, aktivitetar og andakt. Det var ikkje heilt som Messy Church, men litt i same sporet. Dette blei lagt ned under pandemien, og kom ikkje i gang igjen i same form. Seinare var eg innom på Stiftsdagane i Bjørgvin bispedømme og hadde seminar om Messy Church. Og då Søndagsskolen og NMSU kom på banen med eit opplegg, ville vi vere med som pilotkyrkjelyd, smiler 45-åringen.

I 2023 starta dei dermed opp som ressurskyrkjelyd for Bjørgvin bispedømme. I Os sokn er det i underkant av 16 000 medlemmar fordelt på to kyrkjer.

Ryddar kyrkjerommet

– Os kyrkje er ei tradisjonell kyrkje bygd i 1870, og Nore Neset kyrkje er ei arbeidskyrkje bygd i 2000. Når vi har Messy Church ryddar vi kyrkjerommet for stolar og legg matter på golvet, vi sett ut bord og lagar grupper med aktivitetar, og deltakarane skal kunne vandre litt rundt, så derfor passar det best å arrangere det i Nore Neset, forklarar soknepresten.

Dei har gjort nokre lokale tilpassingar og har Messy Church til vanleg kyrkjetid i staden for ein gudsteneste, ein gong i månaden. Dei har heller ikkje middag. Det hender dei bestiller pizza, men stort sett er det vanleg kyrkjekaffi.

– I starten var det eit par barnefamiliar som kom, men etter kvart som konseptet har fått sett seg og blitt kjent, kjem det ganske mange i ulike aldrar. Vi har som regel eit tema som vi knyter til dagens tekst, så lagar vi aktivitetar til temaet. Vi startar med ein song, og av og til er det dåp, då er det også i starten. Så har vi fleire stasjonar med ein eller annan aktivitet, som å klistre klistremerke, å teikne, lage noko, og som oftast også ein uteaktivitet. Då vi hadde om Sakkeus, klatra vi i tre, for eksempel, smiler han.

No er det nok ein del som tenker at dette opplegget er for den yngre garde. Men presten forsikrar at det er for alle og at ein kan vere med på det ein sjølv ønsker.

– Vi brukar 20–30 minutt på dette, og deltakarane kan vandre rundt slik dei vil. Deretter har vi ei samling med andakt og song, og dei som ønsker det kan vise fram kva dei har laga under aktivitetsdelen.

Dei har også ein aktivitet som er knytt til misjonsavtalen, der dei i Os sokn har både England og Estland som misjonsland, sidan dei sjølv var i England og Kjersti og Bård i Estland.

– For eksempel laga vi «christingle» no før jul. Christingle er ein engelsk kristen tradisjon som går ut på å pynte ei appelsin med lys og godteri. Appelsina symboliserer jordkloden, lyset er Jesus, og godteri på fire pinnar som går til verdas hjørne med det gode bodskap.

Roar tenker at å legge Messy Church til vanleg gudstenestetid er det som fungerer best hos dei. I ramma av ei gudsteneste er det lettare å kommunisera Messy Church som eit fleirgenerasjonsarrangement, som gudstenesta jo er. Om dei hadde hatt det som eit kvardagsarrangement, ville det fort blitt eit arrangement berre for småbarnsfamiliar, trur han.

Bildet viser en gruppe barn og unge som deltar i en dans- og dramagruppe
DANS OG DRAMA: Dei hadde dans- og dramagruppe eit par av åra dei var der. Med på biletet er og UCREW-arane Stine Risanger og Ragnhild Elise Opdal. Frå 2011. Foto: Privat
Reist mange gonger

Engasjementet for England har vore like stort etter at dei kom til Noreg igjen. Familien Evjedal har reist tilbake nesten årleg for å besøke venner og kjente, og dei har hatt fem turar med mellom 15-20 ungdomsleiarar (på kvar tur!) frå soknet for å sjå på arbeidet i Barrow, noko ungdommane har gitt gode tilbakemeldingar på.

– Det høyrest ikkje så spanande ut å reise til England for å besøke kyrkjer i fem dagar, men responsen både medan vi er der og etter turane, har vore veldig god. Det er store sosiale utfordringar i England, og det er noko med å få ei forståing for korleis andre har det og med eigne auge sjå forskjellane på fattige og rike. Det blir noko anna å oppleve det sjølv, seier Ingvild.

Om det blir fleire turar med ungdommar til England er førebels litt usikkert. Men ungdomsarbeid kjem dei til å halde fram med.

– Det er noko med møta med ungdommane, der vi kan gå nokre steg saman med dei på livsvegen og få vere med på å gje dei noko som varer livet ut, ivrar dei.

Små lommer med påfyll

I tillegg til jobb og alle aktivitetar familien er med på, tek Ingvild ei masterutdanning i praktisk utdanningsvitskap på deltid.

Korleis når dei over alt?

– Vi prøver å lage oss små lommer med eigentid og påfyll i kvardagen. Då går vi tur, gjerne opp på eit av fjella her, eller tek ein joggetur når ungane er på trening. Dessutan har vi begynt å klatre! Vi går i ein klatrehall her i Os, og det har vist seg å vere veldig bra, for når du heng der i veggen så kan du ikkje tenke på noko anna, seier Roar.

– Så har vi mange gode venner og eit godt nettverk rundt oss.

Og til de som vil møte dei og slå av prat om for eksempel aktivitetar, ungdomsarbeid, England og Messy Church:

– Vi har blitt spurt om å ha ansvar for ungdomsopplegget til sommarens generalforsamling, saman med Helle Leivestad Skartveit, og det har vi sagt ja til. Så vi treffest i Bergen i juni, smiler Ingvild.

Del dette innlegget

Skrevet av:

Siv Herikstad Undheim
Rådgiver