Nærbilde av en person som spiller på fiolin

Kanskje du kjenner korleis pulsen roar seg når du høyrer ein fiolin, eller korleis fellesskap oppstår når stemmer møtest i harmoni?

Misjonstidende

Ein ny julesong

Kva betyr musikk for deg? Kanskje du tenkjer på tonar som vekkjer minner, eller på ein julesalme som gir ro i ei travel tid?

Kanskje du kjenner korleis pulsen roar seg når du høyrer ein fiolin, eller korleis fellesskap oppstår når stemmer møtest i harmoni? Visste du forresten at hjarteslaga våre kan slå i takt når me syng saman i kor?

I Bangkok, midt i Klong Toey – Thailands største slumområde – finst det eit lite under. Der, mellom blikkskur og travle bakgater, ligg Immanuel musikkskule. Her lærer barn å spele. Musikken gir dei tryggleik, meistring og ei ny retning.

Bestemora til Anan fortel med stoltheit at fiolinen har gitt barnebarnet hennar sjølvtillit og framtidstru. Nok, som tidlegare sat og lytta til støyen frå gatene, drøymer nå om å bli musikklærar. Og Somchai, som stod ved eit vegskilje, fann ro, rytme og glede bak trommene. Musikken har blitt ein veg ut av utryggleik og inn i fellesskap.

Kim Wigaard, kjent frå demenskoret på NRK, seier det slik i eit intervju med MT:

– Når du har nokon som blir glade for at du kjem på øving, som støttar og bakkar deg opp, som du skaper noko med og meistrar saman – det er klart at det gjer noko med deg og gir håp!

Og dirigent i Immanuel orkester, Krit Niramittham, som du også kan lesa om i julenummeret av MT, seier det slik:

– Eg trur at musikk kan forandra liv. Desse unge menneska treng meir enn bare undervisning; dei treng mentorar, håp og ei kjensle av meining.

I år er julekampanjen vår retta mot nettopp desse barna i Thailand. Gjennom Music for Life Foundation får over 60 barn gratis undervisning etter skuletid. Men behovet er stort, og utfordringane mange.

Derfor spør me: Vil du vere med og gi desse barna ein ny julesong? Ei gåve frå deg kan gi eit barn ein plass i orkesteret – og kanskje eit nytt liv. Du kan gi tryggleik, fellesskap og ei framtid. Heilt konkret, heilt ekte.

Musikk er meir enn tonar. Det er ei røyst som seier: Du er verdifull. Du høyrer til. Du har ei framtid.

Denne jula inviterer me deg til å tenka over kva musikken betyr for deg – og kva den kan bety for eit barn i Bangkok. Tenk for ein skilnad me kan gjera når me går saman – som eit kor der hjarta slår i takt.

Gledeleg jul!

Del dette innlegget

Skrevet av:

Trond Hjorteland
Avdelingsleder