Gi en gave
Meny
Foto: Siv H. Undheim / HEIME: Arne Dragsund trivst i det grøne element. Her heime i hagen på Ganddal i Sandnes. Last ned

Grøn diakoni ber frukt

Blandinga omsorg, bønn og planting gjer folk raskare friske. – Vi kallar det no ein metode, seier Arne Dragsund, koordinator for Grøn diakoni på Madagaskar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

84-åringen er utdanna sivilagronom. Han og kona Ingrid reiste til Madagaskar for NMS første gong i 1969. Arne var då lærar og seinare rektor på Tombontsoa landbruksskule, medan Ingrid, som er sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri, hadde ansvar for helsestellet for elevane og dei tilsette på skulen.

Dei reiste heimatt i 1975, men var sidan fleire periodar på øya. Kyrkja bad Arne lage ein plan for jordbruksarbeidet deira, med oppbygging, planlegging og kvalitetssikring. Det førte til ein skule i kvar klimasone. I tillegg var Arne leiar for evangeliseringsarbeidet på austkysten og rettleiar for hyrderørsla.

– Hyrderørsla på Madagaskar er heilt spesiell, det finst ikkje maken i verda. Dei er rundt 50 000 hyrdar no, som har ansvar for omsorgsarbeidet i kyrkja. Dei bidreg i gudstenester, går på heimebesøk, og mange bur i omsorgslandsbyar, såkalla «tobyar». Hyrdane er frivillige som har fått eit kall av Gud. Dei gjer ein fantastisk innsats, rosar Arne.

Dei siste 16 åra av arbeidslivet var Arne rektor på Øksnevad vidaregåande skule på Klepp, men Madagaskar sleppte ikkje taket.

Ut på åkeren

I 2014 var han og Ingrid tilbake. Dei var innom tobyen Filadelfia, der rundt 30 sjuke menneske budde. Hyrdane gav omsorg og tok dei med til kyrkja morgon og kveld. Men Arne la merke til at utanom mat og kyrkjebesøk, så gjorde pasientane ingen ting. Dei berre sat i døropninga og kikka.

– Ta med deg dei sjuke ut på åkeren så dei har noko å gjere, sa eg til presten, fortel Arne.

Han gav presten nokre posar med frø, og ei spade. Presten gjorde som han sa, og då Arne var tilbake eit år etter, fortalde presten at dei sjuke blei mykje raskare friske no enn før. I 2015 fekk Arne så eit spørsmål frå leiar i stiftinga «Plant et tre», Jørgen Lollike. Den tidlegare diakonen lurte på om Arne kunne finne eit arbeid på Madagaskar som kunne kallast Grøn diakoni?

– Då landa eg på dette at hyrdane tek med seg pasientane ut for å dyrke grønsaker og frukt.

Jordbruksskulane

Utstyr, såfrø og opplæring blir gitt av landbruksskulane Tombontsoa og Fihaonana. Stiftinga «Plant eit tre» finansierar det heile. Jordbruksskulane har fått ein del ekstraarbeid med dette, men dei opplever det berikande. Ti hyrdar frå kvar toby får opplæring ved skulane. Seinare reiser lærarane ut til tobyane for rettleiing og oppfølging. Kva gjer dei viss det til dømes kjem sjukdom på plantene? Korleis kan dei verne mot skadedyr?

– Me jobbar no med å effektivisere opplæringa og held på å gå over til digitale løysingar for dei som har vore med lengst, fortel Arne.

Per no er 60 av 152 tobyar med, med eit snitt på 30 pasientar i kvar, så 1800 pasientar har hatt moglegheita til å delta. I tillegg har 2000 hyrdar fått opplæring. Målet er å involvere fleire tobyar etter kvart.

I fjor blei fengselet i Antsirabe med. Hyrdane ser det som si oppgåve å besøke dei som sit i fengsel. Arne tok kontakt, og fengselsdirektøren var veldig positiv. Det førte til at fangane no kan gå på eit stort område og dyrke sin eigen mat, under rettleiing av hyrdar frå ein toby like ved.

Planen er at arbeidet skal bli sjølvfinansiert. Dei ønskjer at tobyane skal drive eigen planteskule og selje planter og frø, og mange er alt i gang. Nokre har også starta med hønseavl for sal av egg og kylling.


VEKST: Det veks godt i åkeren i tobyen Betala. Foto: Randriamahaleo Bary.

Ringverknadar

– God ernæring er jo basis for helsa vår. Mange som kjem til tobyane eller i fengsel er underernærte. Med næringsrik mat kjem dei seg litt etter litt. Etter kvart kan dei vere med på åkeren og lage mat. Slik får dei betre helse, opplæring, meistring og framtidshåp. Gradvis kjem sjølvtilliten og trua på å kome seg tilbake til sitt vanlege liv. Det er heilt fantastisk å sjå!

Koordinatoren fortel at psykisk sjuke har dårlege vilkår på Madagaskar. Som regel er det familiemedlemmar som kjem med dei til tobyane. Ofte har dei blitt stua vekk og gøymte i heimane til dei er så dårlege at dei ikkje kan vere heime lenger. Nokon kjem politiet med, og nokon kjem frå dei to psykiatriske sjukehusa der dei ikkje har fått hjelp av behandlinga.

– Dette er Herrens minste, seier Arne.

– Det er sterkt når dei syng salmar på åkeren.

Grunnsteinen i behandlinga er omsorga frå hyrdane og forbøna som skjer i kyrkja morgon og kveld. Nokon gonger førekjem demonutdriving. – Så kjem arbeidet på åkeren i tillegg. Samla blir det heilskapleg omsorg, smiler Arne.

Oppfølging også etterpå

Pasientane får med seg poser med frø når dei skal heim, slik at dei kan halde fram med dyrkinga. Det er hyrdane si oppgåve å følgje opp også etter heimreis, slik at pasientane blir tekne godt vare på i sin lokale kyrkjelyd.

– Mange er ikkje kristne når dei kjem til tobyen, men blir det gjerne under opphaldet. Då er det viktig at kyrkjelyden kan ta i mot dei når det kjem tilbake, ivrar misjonæren, som framleis reiser til Madagaskar eit par gonger i året.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp