Gi en gave
Meny
Foto: Maria Indrøy Risanger / BARN OG UNGE: I Mustamäe har dei eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, her frå ei gudsteneste. Last ned

Kva no, Estland?

I dag finst det berre rundt 215 aktive ungdommar i den evangelisk-lutherske kyrkja i Estland. Erkebiskop Urmas Viilma vil derfor at ungdommar skal ha ei reell stemme og gi dei anledning til å forme kyrkja for framtida.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

– Vi ser på oss sjølv som igangsetjarar som er med i oppstarten og bidrar med ressursar, støtte og råd, og når prosjekt er sjølvfinansierte, skal vi gradvis trekke oss ut, seier Sandra Bischler, seksjonsleiar for Europa og Brasil på spørsmålet om kva som er tenkt med arbeidet i Estland framover.

– Estland er eit av verdas minst religiøse land. Det er ein arv etter sovjetregime, då alle teikn på religion og tru blei fjerna frå det offentlege rom, forklarar ho.

Under Sovjet mista kyrkja grunnlaget som var i landet og måtte bygge det opp på nytt. I dag er det fire bispedømme, tolv prosti, 170 kyrkjelydar, 229 prestar og omtrent 150 000 medlemmer i den evangelisk-lutherske kyrkja i Estland, som er NMS si samarbeidskyrkje i landet.

Utfordring

Men medlemsmassen er aldrande. I dag finst det berre rundt 215 aktive ungdommar i kyrkja. I 2024 blei 955 personar konfirmert, berre 342 av desse var unge, resten vaksne. Kyrkja slit med å halde på konfirmantane etter konfirmasjonstida. Det er ein del barne- og familieaktivitetar, men det finst lite for ungdommar å vere med på i kyrkjene, så dei forsvinn ofte etter konfirmasjonstida.

Kyrkja i Estland har sin eigen misjonsorganisasjon, Misjonikeskus. Det er denne som blant anna har PlussMeedia, som arbeider for å engasjere unge menneske i mediearbeid og lagar innhald for ungdom av ungdom.

– Men det ein har sett, er at ungdommane som engasjerer seg i PlussMeedia ikkje kjem frå den lutherske kyrkja. Dei kjem frå andre kyrkjer og trussamfunn, eller har ikkje nokon tilhøyrsel, seier seksjonsleiaren.

Ungdomsting

– Erkebiskop Urmas Viilma har teke dette på alvor og ønsker å gi ungdommar plass og rom i kyrkjene. Ikkje berre for å etablere aktivitetar og gi dei eit fellesskap, men han vil at ungdommar skal ha ei reell stemme og gi dei anledning til å forme kyrkja for framtida. Derfor vil Urmas etablere eit ungdomsting, og dette vil han blant anna bruke som ein høyringsinstans, fortel Sandra.


ERKEBISKOP: Urmas Viilma ønsker å gi unge anledning til å forme kyrkja i Estland. Foto: Maria Indrøy Risanger

I tillegg har erkepiskop Viilma fått inn Maatias Haamer (28) i kyrkjerådet, som ungdomsrepresentant.

Med dette som bakteppe skal NMS-misjonær Magne Mølster arbeide for å legge til rette for meir ungdomsarbeid og at ungdommane sjølv kan få bestemme kva aktivitetar dei vil ha. Kva kan ein gjere saman for å skape nye rom og finne nye tiltak?

– Magne blir god i denne rolla, eg har veldig tru på måten han jobbar på. Han har erfaring med kyrkjelydsbygging og å utvikle nye og berekraftige modellar, heiar Sandra.

Det første som skal skje, er å definere nokre målsettingar for prosjektet og lage ein plan for arbeidet med eit tidsaspekt på tre år om gongen. Så får ein evaluera etter kvar periode.

Saku kyrkjelyd

Når det gjeld Saku kyrkjelyd, går utfasinga etter planen. Sandra fortel at om eit år skal Saku vere sjølvfinansiert. Dei har tilsett ein lokal prest, og det er ein ganske stor kyrkjelyd med mykje aktivitet.

Seksjonsleiaren understrekar at sjølv om den økonomiske støtta opphøyrer, vil samarbeidet halde fram.

– Vi ønsker å halde tett kontakt og dyrke den gode relasjonen NMS har med Saku. Vi vil halde fram med å invitere dei til nettverkssamlingar og slik få gjensidig læring og erfaringsutveksling.

Mustamäe

Mustamäe treng litt meir tid før dei står på eigne bein. Her er også kyrkjelyden mindre enn i Saku.

– Men dei har eit flott kyrkjebygg som kan vere ein ressurs. Kyrkja ser no på moglegheita for å skilje drifta av bygget frå kyrkjelydsarbeidet. Derfor, med støtte frå NMS, ønskjer ein å opprette ei eiga stilling som skal ha ansvar for drifta i ein treårsperiode. Bygget kan nemleg brukast til både konsertar, kafé, selskap og liknande. I tillegg er det tre-fire hybelleilegheiter i kjellaren som kan leigast ut. Her finst det altså mange moglegheiter for å få til ei god finansiering, samstundes som ei slik stilling vil frigjere presten til å konsentrere seg om kyrkjelyden, meiner Sandra.

Kyrkjelyden ønsker også å bruke bygget til meir diakonale tiltak, som vil byggjast ut etter kvart.

Relasjon og læring

Europa og Brasil-seksjonen arbeider med fire hovudområde: Prosjekt, misjonærar, utveksling og nettverk. Ucrew er NMS sitt utvekslingsprogram. Her kan ungdommar frå ulike land reise på utveksling til England, Estland, Frankrike og Spania. Dette er eit viktig element i NMS sitt ungdomsarbeid.

– Vi ser at viss vi klarer å rekruttere ungdommar i kyrkjene til utveksling, så vil dei ofte engasjere seg etterpå. Gjennom Ucrew får dei verdifull erfaring og leiartrening, og det er viktig å få dei inn i kyrkjelydane, slik at vi kan behalde engasjerte og aktive unge. Men då må det vere plass og rom til dei, ivrar Sandra.

Seksjonen ønsker også å legge til rette for utveksling mellom kyrkjelydar frå ulike land.

– Eit veldig godt eksempel er Bogafjell kyrkjelyd i Sandnes som reiste til Estland på konferanse for kyrkjelydsbygging for å delta og undervise i Agenda1, eit verktøy og læringsfellesskap for å nå ut til fleire. Tilbakemeldingane etterpå speglar at dei fekk like mykje som dei gav, smiler Sandra, og held fram:

– Det er jo akkurat det misjon handlar om. Relasjonar, gjensidig læring og inspirasjon.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp