Bok om visjonar og utfordringar i NMS

NY BOK: «Vandring i tro» er ei samling artiklar som fortel om historia og notida til NMS.
Kva planar og visjonar ligg bak misjonsarbeidet til NMS? Boka «Vandring i tro» gir svar. Men svara er ikkje berre som forventa.
– Bak dei fleste misjonsprosjekta ligg det ein gjennomtenkt strategi. Men historia vår viser at det ofte er uventa hendingar som formar denne. Nokre av desse hendingane har verken landsstyret eller administrasjonen herredøme over, seier generalsekretær i NMS, Helge S. Gaard.
Misjonserklæring
Årsaka til at NMS gir ut boka, er misjonserklæringa som generalforsamlinga til NMS skal vedta i juni. Denne erklæringa har som hovudmål å peike ut ei retning for misjonsarbeidet i åra framover.
– NMS har ei 184 år gammal historie. Mange av verkemidla som blei brukt i pionertida, er overhovudet ikkje aktuelle i dag. Det same gjeld utfordringane dei første misjonærane møtte. Eg kan til dømes nemne at den første NMS-misjonæren, Hans Schreuder, kjempa mot ein leopard med berre nevane i Sør-Afrika. Det er utfordringar som utsendingane våre i dag ikkje møter, smiler generalsekretæren.
Djupdykk?
«Vandring i tro» er ei samling artiklar som fortel om historia og notida til NMS. Saman med informasjonsleiar Martin Eikeland løftar Gaard fram historier frå både gamal og nyare tid. I boka tek Gaard også ein tur innom ulike arbeidsområde og misjonsprosjekt i dag.
– Er det rett å kalle denne boka eit djupdykk i NMS?
– Djupdykk er kanskje ikkje det rette ordet. I ei slik artikkelsamling rører vi nok mest ved overflata. I mi verd krev eit djupdykk ei meir grundig behandling, kanskje meir i retning forsking. Føremålet med boka er å skrive ei leseverdig bok som gir eit oversyn over både historia og notida.

I Noreg har det vore kyrkjer sidan 1000-talet og steinkrossana står der som vitne om kristen tro før kyrkjebygga, men lenge før den tid vitna kristne sjøfolk og handelsmenn om «Kvitekrist». Historikarar og arkeologar meiner at dei kristne spora er nærare 500 år eldre. Med dette bakteppet reflekterer Gaard over kva som pregar misjon.
– Vi står i ei røynd der kyrkjene enkelte stader i verda opplever stor vekst. Andre stader strevar NMS og samarbeidskyrkjene våre i motbakke. Eg meiner at misjonen må ha minst to tankar i hovudet samstundes. Vi ønskjer sjølvsagt stor framgang for evangeliet, gjerne på kort tid. Men vi må også tenkje langsiktig, gjerne fleire hundre år, som historia på Avaldsnes minnar oss om, seier han.
Mao og pengemangel
– Men tilbake til det du nemnde tidlegare, at uventa hendingar pregar strategien i misjonen. Kan du fortelje konkret kva du tenker på?
– Eg kan trekke fram to døme. På Madagaskar vart talet på misjonærar redusert frå 60 til ei handfull på eit par tiår. Årsaka var ikkje eit vedtak frå landsstyret om nedtrapping, men rett og slett at inntektene svikta så kraftig at NMS ikkje hadde råd til å sende ut nye misjonærar når andre reiste heim, fortel Gaard, og dette fall saman med at færre misjonskandidater melde seg.
Han løftar også fram ei hending som NMS hadde endå mindre innverknad på: kommunistane si maktovertaking og misjonærforbodet i 1949.
– Det som skjedde i Kina etter Mao sin antireligiøse politikk, var ei kyrkjevekst utan sidestykke. Det var heller ikkje noko vårt landsstyre hadde vedteke, avsluttar Gaard.
Skrevet av:



