Nyhet

Walk for Living Water i Møre - gode møtepunkt med stand

Walk for Living Water stand

Skrevet av:
Laila Karin Tusvik Helle
Publisert:
11.9.2026

I september var NMS Region Møre på plass med Walk forLiving Water-stand både under Matfestivalen i Ålesund og på Innflyttardageni Molde. Målet var det same begge stadene: å løfte fram det livsviktige arbeidet for reint vatn i Laos – og invitere folk i Møre med på laget.

Midt i mylderet på Matfestivalen fann mange vegen innom standen vår. Skuleelevar, studentar, familiar og festivalgjester stoppa opp, snurra lykkehjul og fekk høyre meir om korleis aksjonen «Walk for Living Water» bidreg til at fleire landsbyar i Laos får tilgang til reint vatn. Det var ekstra kjekt å møte så mange hyggelege folk som ville vite meir om kva dei faktisk er med på når dei støttar prosjektet.

På Innflyttardagen i Molde fekk vi møte både nye og etablerte moldensarar. Her hadde vi også med oss Bergfruas Lapper v/ Arne Drøpping, som skapte god stemning og trekte mange innom standen. Også her var lykkehjulet populært, og mange kom for å snurre, spørre og lytte.

Kvifor Walk for Living Water?

Gjennom Walk for Living Water går vi saman for at fleiremenneske i Laos skal få tilgang til reint vatn – noko som kan bety ein enorm forskjell i kvardagen og for framtida. Reint vatn gir betre helse, tryggare oppvekst og meir tid til skule og arbeid. For jentene, som ofte må bruke timar kvar dag på å hente vatn, kan dette vere heilt avgjerande.

Takk for alle gode møte

Vi vil rette ein stor takk til alle som stoppa, snurra, spurte, lytta og heia på prosjektet – både i Ålesund og Molde. Engasjementet dykkar betyr meir enn de kanskje trur. Saman kan vi gjere ein forskjell,-  ein dråpe vatn om gangen💧

WFLW stand i Ålesund
Arne Drøpping og Bente Linda Flatmo på stand i Molde
Konkurrerer for ei god sak
Mange ungdommer besøkte standen i Ålesund
Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/walk-for-living-water-i-more---gode-motepunkt-med-stand

Skrevet av:

Laila Karin Tusvik Helle
Kontaktperson for menighet