Misjonsglede og fellesskap på misjonstreff

Medlemmane i områdeutvalet, Rudny Ingeborgvik, Marit Rangøy, Liv Anne Innerdal, Arne Drøpping, Maritta Ohrstrand. Møyfrid Torvik Røkkum var ikkje til stades. Utanom desse var Cecilie Drøpping, Geir Sakseid og Olav Gading med på møtet.
Fotograf:
Geir Sakseid
Fullt rundt borda, varm kaffi i koppane, mykje god mat, kollekt og salg av varer til inntekt for misjonen. Slik skal det vera når misjonsfolket møtest, og slik var det på misjonstreff i Bruvoll bedehus på Averøya måndag 21. september.
Det er mange som er i sving når det skal lagast til misjonstreff. Lokale krefter ordna med mat, diktlesing, song og musikk. Tone og Hans Olav Leithaug gledde forsamlinga med fin song, mellom anna den som Bjarte Leithaug skreiv til NMS si generalforsamling i år: «Kom bli med, la oss dele vår glede!» Sokneprest Sigurd A.W. Haugen spelte også piano.
Frå Indre Nordmøre kom møteleiaren Arne Drøpping, som saman med Cecilie hadde med varelageret frå Bergfruas lapper, der alt salg går uavkorta til misjonen. Liv Anne Innerdal fortalde engasjert om arbeidet på Madagaskar med produksjon av dåpsklutane som mange kyrkjelydar brukar, og som gir fattige eit levebrød.
Frå Sunnmøre kom regionstyreleiar Olav Gading, som hadde andakt. Misjonskonsulent Geir Sakseid fortalde frå arbeidet i Midtausten, med fokus på situasjonen i Syria og om Hayat-senteret som dei egyptiske misjonærane driv i Libanon.




Skrevet av:


.jpg)
