Valdtekt av sjel og kropp
Den kristne jenta var berre 14 år då ho vart bortført i oktober 2019 og tvangsgifta med ein muslimsk mann. 18 år er minstealder for å gifta seg, men sjølv om foreldra viste til både dåpsattest og attest frå skulen som viste at ho berre var 14 år, bestemte dommarane at ekteskapet var gyldig under sharialova, sidan ho hadde hatt sin første menstruasjon.
Dette står å lesa i ein rapport frå september 2021 utgitt av ei parlamentarisk gruppe for pakistanske minoritetar. Kvart år blir mange kvinner og jenter frå minoritetsgrupper bortførte, tvangskonverterte og tvangsgifta med overgriparane. I dei aller fleste tilfella blir overgriparane aldri straffeforfølgde. Når foreldra kjem for å melda bortføringa, er politiet vanlegvis motvillige til å registrera saka eller undersøka skikkeleg. Etter nokre dagar får foreldra gjerne overrakt ein konverteringsattest og ein vigselsattest, og blir fortald at jenta frivillig har gått over til islam, og at ho no lever saman med sin nye «ektemann», som ofte er mange år eldre enn henne.
Denne våren har eg som representant for NMS deltatt på tre digitale «rundebordskonferansar» om tvangskonvertering og tvangsekteskap. Konferansane er organiserte av Church of Scotland og Church of England, og dei ønskjer samarbeid med andre som engasjerer seg for dei kristne i Pakistan. Målet er å driva påverknad for haldningsendringar som kan gjera situasjonen betre for minoritetane som opplever dette.
Kvifor blir dei tvangskonverterte?
For å arbeida med haldningsendringar er det viktig å forstå kvifor situasjonen er som den er. Tvangsekteskap er ulovleg i Pakistan, men når ei ung kvinne konverterer til islam, vil styresmaktene sjå det som viktigare enn at ho misser juridiske rettar. Har ei jente nådd puberteten, vil heller ikkje retten akseptera at konverteringa var ufrivillig. Det er dessutan vanskeleg å bevisa at det er blitt brukt tvang. Av og til er det snakk om regelrett kidnapping og voldtekt. Andre gonger blir kvinnene lokka til å konvertera og gifta seg, men angrar når dei opplever at dei blir dårleg behandla.
Ein grunn til at det er så vanskeleg å endra haldningane, er at det er så mange som er med på å halda praksisen i live. Til dømes spelar religiøse leiarar ei viktig rolle i konverteringsprosessen og ekteskapet, og dei har stor makt i det pakistanske samfunnet. Om styresmaktene skulle slå ned på dette, vil det kunna bli sett på som eit angrep på islam. Derfor blir praksisen tolerert for å unngå større konfliktar.
Dessutan er det viktig å forstå at den som gjer at ein kristen eller ein hindu konverterer til islam, som regel meiner at dei har gjort ei god gjerning som gir løn i himmelen. Når heile samfunnet er med og bygger opp desse haldningane, er det lett å sjå forbi bruk av tvang eller lokkemiddel. Dette er haldningar me ikkje vil forsvara, men me treng å forstå dei verdiane som ligg under. Me skal ikkje så langt tilbake i historia for å finna mange døme på at kristne har brukt liknande former for tvang overfor annleis truande. Også i dag kan kristne bli frista til å bruka ulike former for lokkemiddel for å oppnå resultat, men seriøs norsk misjon er opptatt av at menneske som kjem til tru skal gjera det av eigen, fri vilje.
Kva blir gjort?
Eitt av dei tre hovudmåla til NMS er å fremja rettferd. I Pakistan samarbeider NMS med Centre for Legal Aid Assistance and Settlement (CLAAS), ein organisasjon som mellom anna arbeider for å endra på denne urettferdige situasjonen. CLAAS arbeider på to frontar: Det eine er å gi direkte støtte til nokre av alle dei jentene som blir offer for urett. Det andre er med det langsiktige målet å arbeida for lovendringar og haldningsendringar i samfunnet.
Dei som blir offer for urett, kan få gratis rettshjelp og praktisk støtte hos CLAAS. Organisasjonen har advokatar som kan representera dei i rettssalen, anten det gjeld tvangskonvertering, tvangsekteskap, blasfemi eller andre saker. Dette er kristne juristar som brenn for saka, og som reknar det som ei gudsteneste å forsvara dei som ikkje kan forsvara seg sjølve. Til dømes fortel dei om eit kristent ektepar som kom til dei og bad om hjelp til å finna dotter si, som hadde vore sakna eit par månader. Dei hadde grunn til å tru at det var naboen som hadde kidnappa henne. Politiet gjorde ingenting for å hjelpa dei. Men etter at dei fekk ein telefon frå jenta si, gjekk foreldra til CLAAS og bad om hjelp, og dei fekk retten til å gi ordre til politiet om å gripa inn. Det viste seg at jenta hadde blitt halde fanga mot sin vilje, men til slutt fekk ho komma heim til foreldra, og «ekteskapet» blei til slutt oppløyst ved dom.
Det er også viktig for kyrkjer og andre samfunnsorganisasjonar som CLAAS å driva haldningsskapande arbeid for dei fattige kristne. Fleirtalet av dei kristne høyrer til dei mest marginaliserte i samfunnet, og er etterkommarar av tidlegare kastelause dalitar. Dei er fattige, manglar utdanning og har ikkje så lett for å få seg jobb som kan gi ei inntekt å leva av. CLAAS besøker regelmessig fattige samfunn i distrikta for å undervisa dei og bygga opp gode haldningar som kan gjera dei betre rusta til å stå mot overgrep.
Les meir om tvangskonvertering og tvangsekteskap:
Rapport frå All-Party Parliamentary Group for the Pakistani Minorities: