Tilbake til nms.no Midtøstenblogg
Meny
Foto: CLAAS – Zafar Bhatti Last ned

Mann (58) dømt til døden

I dag fekk eg ein E-post som fekk meg til å tenka på ei krimbok som eg held på å lesa, om ein ung mann som sit på dødscella og ventar på å bli avretta, sjølv om han veit han var uskuldig. Berre at no er det ikkje fiksjon, men eit ekte menneske det handlar om.
Del Facebook Twitter E-post

Ein av NMS sine samarbeidspartnarar i Pakistan er menneskerettsorganisasjonen CLAAS. Bokstavane står for Center for Legal Aid Assistance and Settlement. Dei sendte oss ei melding i dag om at Zafar Bhatti, ein kristen mann frå Rawalpindi, vart dømd til døden for blasfemi. For ti år sidan vart han fengsla, skulda for å ha sendt blasfemiske tekstmeldingar. Han har

heile tida nekta for dette, men vart først dømt til livsvarig fengsel. Den 3. januar vart denne dommen omgjort til dødsstraff av ein rett i Rawalpindi.

Dei omstridde blasfemilovene i Pakistan går tilbake til den britiske kolonitida, men dei vart mykje strengare under militærstyret til president Zia ul-Haqq. Frå slutten av 1970-talet styrte han landet i ei sterkare islamsk retning, og religiøse minoritetar fekk det vanskelegare. Blasfemilovene blir ofte misbrukt for å løysa personlege konfliktar, og når nokon har fått ei skulding om blasfemi mot seg, er det ofte svært vanskeleg å bli frikjend. Fleire dommarar som har frikjend ein tiltalt i blasfemisaker, er blitt drepne. Tidlegare guvernør i delstaten Punjab, Salman Taseer blei myrda fordi han hadde uttalt seg til fordel for den kjende kristne kvinna Asia Bibi, som etter mange års kamp klarte å bli frikjend, og no bur i utlandet.

LES OGSÅ: Rettferdighet for Zafar Bhatti (Fra NMS sin Pakistan-blogg)

CLAAS har tatt på seg å føra saka til Zafar Bhatti, og dei tar seg også av kona hans, Nawab Bibi, som er barnlaus og utan midlar til å livnæra seg. Menneskerettsorganisasjonen brukar mykje tid og pengar på å hjelpa folk som Zafar og andre som kjempar mot urettferd. NMS har finansiert mykje av aktiviteten til CLAAS gjennom eit Noradstøtta prosjekt.

Krimboka eg les i desse dagar, «Tilståelsen» av John Grisham, er frå ein heilt annan kontekst, nemleg Texas i USA, ein stat som framleis er sterkt rasedelt, og der mange svarte føler dei blir urettferdig behandla i rettssystemet. Eg veit enno ikkje korleis det går til slutt. Vil sanninga komma for ein dag før me kjem til siste sida av boka? Får helten vår dødssprøyta, eller slepp han ut til slutt? Det er ikkje mindre spennande for dei som kjenner Zafar Bhatti, og som ber og kjempar for at retten skal vinna fram i det pakistanske rettssystemet. I E-posten frå CLAAS står det at dei fekk møta Zafar Bhatti i fengselet dagen etter dødsdommen, og at dei framleis vil stå saman med han i kampen for rettferd.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp