Tilbake til nms.no Nyheter frå Japan
Meny
Last ned

Misjonshistorie

"Det er intet garnfiske i gang i Japan, bare stangfiske"
-Fridtjov Birkeli

Ein hard start

Misjonshistorisk er Japan litt annleis dei fleste andre land. Dei første misjonærane steig i land på Kagoshima allereie i 1549 leia av den Jesuittiske presten Francis Xavier. Dette vart starten på det som nå er eit nærare 500 år langt engasjement prega av motgang og harde kår.

Etter berre 54 års nærvær innførte Tokugawa Shogunate ei rekke med direktiv som vart kalla for «Sakoku» (Stengt stat). Landet vart stengt ned og det vart oppretta forbod mot kristendom og vestleg handel. Sjølv-isolasjonen var omfattande, og det vart innført statsfinansiert forfølging av kristne. Det tok 264 år før Japan igjen vart eit opent land, då kommandør Matthew C. Perry kom til Japan med sine svarte krigsskip. Tross 264 år (1603-1867) med hard og valdeleg forfølging, hadde ikkje Shogunate klart å utrydde kristendommen. Små isolerte og godt skjulte kristne samfunn, så kalla «Kakure Kirishitan» (Skjulte kristne), hadde overlevd forfølginga og bevart trua. Dei siste fragmenta frå misjonens oppstart 318 år tidlegare.

Svarte skip

 

Den opne døra

Då Folkerepublikken vart oppretta i Kina i 1949 vart det brått utrygt å drive misjon i landet, og mange misjonærar vart tvungne til å avslutte sitt arbeid. Det var i denne tida at Japan vart aktuell som ny misjonsmark. Landet var sterkt prega av 2. verdskrig, og då den guddommeleggjort keisar Hirohito erklærte seg sjølv for berre eit menneske og ikkje guddom, falt Stats-Shintoismen som landsreligion med han. Japan var altså i gang med å bygge oppatt landet både fysisk og åndeleg, og dette skapte ein grobotn for nye tankar og utrykk. Det var inn i denne situasjonen at dei første misjonærane frå NMS fekk sitt virke.

Sjølv om dørene i Japan nå var opne for misjonen, så bar ikkje arbeidet intrykk av å være enkelt. Språket var den første store kneika, og så kom arbeidet ved å etablere fellesskap. Dei første møta vart gjennomført i misjonæranes egne bustadar, og det vart gjennomført verksemd som gateforkynning og teltmøter. Sjølv om mange deltok på slike møter, så var interessa kortliva, og ein fekk ikkje den nære kontakten som arbeidet ønska. Det å nå ut til mengdene var vanskeleg, og arbeidet bar meir preg av å lykkast i nære relasjonar ein-til-ein. Situasjonen i Japan var og er som Fridtjov Birkeli beskreiv det i misjonstidene: «Det er intet garnfiske i gang i Japan, bare stangfiske».

Det vart opp gjennom tida bruk mange forskjellige arbeidsmiddel som verktøy for misjonen. Det vart oppretta kristne radioprogram som førte til stor vekst og varig arbeid blant kyrkjelyden sine medlem. Kristne barnehagar vart oppretta på tomter kjøpt av misjonen, og bustader og møtelokale vart ofte bygd vegg i vegg på same tomt. Misjonsbåten «Shinko Maru» vart brukt til å forkynne til fiskelandsbyer langs kysten frå Kobe til Mie. Misjonsarbeidet i Japan har tatt mange formar, då dette berre eit lite utval av misjonens mange tilnærmingar opp gjennom åra.

Shinko Maru

 

Vår partner – KELC

I Japan forsøkte ein heilt frå starten av å følgje ei såkalla «evangeliserande linje». Målet var å danne ein sjølvstyrt, sjølvutviklande og sjølvforsynt kyrkje. Dette vart gjort i rekordfart. Den 3. november 1961 vart Kinki evangelisk-lutherske kyrkje (KELC) danna, berre 10 år etter at NMS offisielt starta sitt arbeid i Japan. Aldrig før hadde eit kyrkjesamfunn hatt så rask framgang på eit av NMS sine misjonsfelt. Japanarane fekk nå ein ny og større rolle inn mot sitt eige misjonsarbeid, sjølv om det på dette stadiet var norske misjonærar som var innehavarar av stillinga som kyrkjepresident.

Ved danninga av KELC bestod organisasjonen av 14 kyrkjelyder planta av NMS i samarbeid med andre misjonsorganisasjonar, og allereie i 1976 vart dei anerkjent som fullverdig medlem av Det Lutherske Verdens Forbund. Berre 4 år seinare vart organisasjonen regna som ein fullverdig og sjølvstendig religiøs organisasjon. Gjennom dette har dei Japanske kristen vist ein enorm even til å strukturer og organisere seg sjølv.

I dag består KELC av ca. 2600 døypte medlem fordelt på 29 kyrkjelydar som strekker seg over 5 prefektur (Hyogo, Osaka, Wakayama, Nara og Mie).

KELC Logo

 



Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp