Ei ny tid!
2023 vart eit stort år for misjonsarbeidet i Japan. Landet hadde vert under strenge tiltak i nesten 4 år på grunn av Covid-pandemien, noko som hadde skapt dårlege kår for vår partner KELC. Strenge krav til møteverksemd, hygiene og sosial distansering skapte store problem for dei Japanske kyrkjelydane. Majoriteten av kyrkjegjengarane var og er eldre menneske i risikogruppa, noko som førte til at mange rett og slett ikkje såg det som trygt å delta i fellesskapet.
Våren 2023 vart eit skinnande fyrtårn mot slutten av ein lang og mørk reise. Restriksjonane vart letta, landet vart igjen opna for innreise, og vår partner skulle nå arrangere «Soukai» (Generalforsamling). Det vart dekka for ein ny start, og generalsekretær Helge S. Gaard reiste ned saman med eit følgje beståande av Haakon Kessel (Leiar for avd. Global), Merete Hallen (Leiar for seksjon Asia) samt 4 trainee som var og er i ferd med å gjera seg klar til teneste i landet. Under forsamlinga vart det skrive under på ein ny og meir open samarbeidsavtale mellom partane og ein ny Japansk prest vart ordinert til teneste, ein sjeldanheit i Kinki kyrkja. Den nye avtalen legger til rette for eit breiare og meir gjensidig samarbeid mellom KELC og NMS. Dei nye utsendingane skal dermed ikkje arbeide som kyrkjelydsprestar, men heller som konsulentar med mål om å bruke sine individuelle talent i møte med misjonsarbeidet. Dette høyrer saman med NMS sin nye filosofi «Use Your Talents», som går ut ifrå dei resursane som allereie eksistere hos våre partner. Kva vi har her og nå er viktigare enn det som skulle eller burde har vert til stede. Eit godt utgangspunkt for å drive fram eit godt og varig arbeid, også etter at misjonærane reiser heim.
Som nemnt tidlegare, så er det per dags dato to nye familiar som er i ferd med å gjera seg klar til teneste i Japan. I lys av dette vart mykje av hausten 2023 brukt til å gjera klart til det nye engasjementet som har sin oppstart våren 2025. Nye misjonærbustadar har blitt oppdrive i Wakayama prefektur, som nå vert basen for NMS sin verksemd fram til språkstudium er gjennomført. Dei nye misjonærane bærer med seg ei rekke med talent som skal få farge arbeidet framover. Tre av misjonærane er ordinerte prester i den Norske kyrkja, og ei har stått i arbeid som musikkar i Stavanger symfoniorkester. I tillegg har fleire i gruppa kompetanse innanfor blant anna marknadsføring, kulturstudium og utøvande musikk. Dette er med på å skaper grobotn for eit stort og variert arbeid i tida som kjem.
2024 vert eit år for nytenking i relasjon til vår partner KELC. Ein stor del av NMS sine mangeårige prosjekt tar slutt, og vi står igjen med to store prosjekt «Teologisk utdanning» og «Diakonalt læringsprosjekt». Den sistnemnte er eit heilt nytt prosjekt med oppstart i 2024. Målsetjing er å samarbeide om å videreutvikle den japansk diakonal identitet. I samarbeid med NMS vil KELC utvikle undervisningsopplegg for sine medlem og tilsette. Fokus vil blant anna ligge på kva kristen diakoni tyder i det japanske samfunnet, etiske aspekt rundt praktisk diakoni og erfaringsutveksling der ein kan lære av kvarandre. Prosjektet «Teologisk utdanning» er kjent for mange som eit mangeårig prosjekt som har som mål å auke den teologiske kompetansen i kyrkjelydane, samt utdanne nye prester til kyrkjeleg teneste. Vi går altså nå inn i ei ny tid kvar nye tankar og konsept får lov til å tre inn og skape ei ny retning for misjonsarbeidet i Japan.