Tilbake til nms.no Nyheter frå Japan
Meny
Last ned

Oppvask, klesvask, innkjøp og misjon

Vårt nærvær i Japan har no passert ein månad, og kvardagslivet har begynt å få klare rammer.
Del Facebook Twitter E-post

Den yngste av oss er ferdig med tilvenning i barnehage, og vi skulle med det ha fått meir tid til språkstudium og misjonsarbeid. I staden for å utvikle våre språkferdigheiter og misjon, har overskotet med tid gått til å gjennomføre meir verdslege aktivitetar. For det å holde ein husstand i Japan kan seiast å vera ein 100% stilling i seg sjølv:

Husarbeid og Misjon

Søppel vert detaljsortert i heimen. Glas, metall, PET-flasker og papp skal sorterast kvar for seg i spesialposer merket av kommunen, og dersom naboen skulle finne teiprester på pappen du har lagt ut, kan du forvente at nabolagets representant kjem på døra for å sei høfleg ifrå. Den minste av oss skal kvar dag ha eit nytt sett med nyvaska klutar, smekker, handdukar, bestikk og skiftekleder. Så kombimaskinen vår står og går gjennom heile dagen. Handling vert gjort dagleg, då handelssystemet her i Japan legger til rette for billige ferskvarer med lav haldbarheit. Alt dette krevjar mykje tid, og vi har til tider stoppa opp og tenkt: «Var det dette vi tenkte at vi skulle gjera då vi sa ja til å reise ut som misjonærar? Kvar vert det av dei viktige aktivitetane?»

Her om dagen, då eg var på veg heim etter å ha levert poden i barnehagen og stod ved eit vegkryss og venta på «blå» mann, høyrte eg ein stemme som ropa frå eit ope vindauge i ein bil: «Ohayogosaimasu, Kirubin-Kun no otou-san!» (God morgon pappaen til Kilvin!). Ei lita jente vinka til meg, og då eg vinka tilbake strålte det glede og takksemd frå både mor og barn i bilen.

Kvar dag vi går til barnehagen møter vi tre frå den eldre garde som står langs vegen iført grøn refleksvest. Vi hadde gått forbi dei mange gonger før, og alltid vart det utveksla eit høfleg «God morgon!» og «Takk for det gode arbeidet!» før vi gjekk vidare. Ein dag vart vi plutseleg stoppa, og det er tydeleg at nysgjerrigheita har blitt for stor for høflegheita. Det heile utviklar seg, på stutrande Japansk, til ein samtale om kven vi er, kva vi gjer i Japan og kvifor vi tek den same ruta kvar dag. Vi presenterer oss som misjonsprestar frå Noreg, og held fram med å fortelja at sonen vår går i ein barnehage ikkje så langt der ifrå. Dagen etter vert vi stoppa av direktøren for barnehagen. Ho fortel oss at nokre eldre sivilarbeidarar som passar på barn langs den lokale skuleruta hadde tatt kontakt. Dei var interessert i å høyre meir om akkurat denne kristne barnehagen, og om misjonsprestane som dei hadde møtt langs skulevegen. Dei var takksame for høflegheita vi hadde vist dei, og synes det var veldig interessant med kristen misjon i Japan.

Eg trur vi kan sei at vi gjer det vi kom for å gjera i Japan, det heile tar berre ein litt annan form enn det forventningane bygga opp mot. Vi lever heilt vanlege liv her i Japan med gjeremål som oppvask, klesvask, innkjøp og ærend til og frå barnehage, og eg trur vi kan sei at også dette er ein del av vår Herres misjon. Leder for NMS Global, Haakon Kessel, seier alltid til oss at det er «nærvær» som er det viktigaste. Dette trur eg er kloke ord ifrå ein tidlegare Japan-misjonær. Det å være til stede i eit anna land, saman med vår partner og i lokalsamfunnet er misjon i seg sjølv. Ein trenger ikkje å stå på gatehjørne å rope ut for at Gud skal nå menneskehjarte gjennom oss. Det er faktisk nok å berre vera til stades. «Nærværets teologi», det klinger fint i mine øyre. Vi må stole på at vårt nærvær og vesen er Guds verktøy på jord, og at det er han som skaper møter mellom menneske og tro i hjarte hos dei som framleis ikkje kjenner han.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp